Fløgjen - Kinn kommune

Dagsturhytta ligg vest for toppen Fløgen/Fløgjen. Hytta har utsikt til Norddalsfjorden, autsover mot Eikefjord og vestover mot Florø og øyane i vest og sør.

Bilde av ei dagsturhytte etter at sola har gått ned. Det er mørkt.
Dagsturhytta i Kinn, Fløgjen. Foto: Stig Roger Eide.

Tilkomst og parkering

Frå rv. 5 Florø - Førde tar ein av ved Grov til fv. 614 mot Svelgen. Etter 1 km kjem du til ein trafostasjon. Parkeringsplassen er på austsida. Du tar av ved første avkjøring på høgre side etter trafostasjonen for å finne parkering. Dersom du kjem med buss, kan du gå av på same plass. 

Stien til hytta

Ved parkeringsplassen følger du skogsvegen, og rett før du er til vegs ende, tek du av til venstre. Stien er ikkje merka oppover i skogen, men han er tydeleg i terrenget. Dette er stien som held fram til Hatlesetnipa. Det er eit par mindre myrlende områder langs stien i skogen. Når du kjem over skoggrensa vert stien brattare eit stykke, før det flatar noko ut, og du ser varden på Fløgen til venstre.

Det er også mogleg å gå frå Hatleset, ca. 1 km aust for Grov på rv. 5. Det er opparbeida parkeringsplass på nordsida av riksvegen. Stien er merka til Hatlesetnipa. På toppen kan du skimte Fløgjen i vest og kan følge ein slak sti nedover til dagsturhytta. 

Avstandar

Turen opp til dagsturhytta tek om lag ein time. Det er 2,3 km ein veg. Hytta ligg på 444 moh.