Eikjabu - Luster kommune

Luster er ein kommune med store fjellområde. Dagsturhytta er derimot plassert ved Lustrafjorden på Ytre Eikum mellom Solvorn og Marifjøra. Eikjabu har tilknytta utedo.

Dagsturhytta-i-Luster-SSF-03838.JPG

Foto: Magnar Egil Øren Gangsø

Tilkomst og parkering

Lett tilgjengeleg med kajakk. Parkering i Solvorn eller Marifjøra. Av kapasitetsmessige årsaker (parkeringsplassar) kan det vere smart å organisere felles transport frå Marifjøra til kajakknaustet som Luster turlag har i Vedvik. Det er tursti frå Mollandsmarki til Ytre Eikum.

Leige av kajakk 

Stien til hytta

Stien ned frå Mollandsmarki, med parkering på Krossen, er stadvis bratt og det er planlagt sikring av stien.  

Avstandar

Frå Krossen og ned til Ytre Eikum er det om lag 4 km. Frå Vedvik tek det om lag 20 min. å padle kajakk, medan det frå Solvorn tek om lag 1 time.