Vardetangen - Austrheim kommune

Dagsturhytta i Austrheim kjem på Vardetangen  hausten 2020, og får namnet Vardetangen.

Dette oversiktsbildet viser kvar hytta i Austrheim skal plasserast. Den kjem på plassen som ligg 23-30 meter til høgre for varden.

Tilkomst og parkering

for å gå til dagsturhytta Vardetangen kan ein parkera ved Årvika eller ved Vardetangen. Følg skilt til parkering som kjem i krysset ved Tresvikvegen 68. 

Stien til hytta

Frå Vardetangen er det ca 850 meter med grusveg som passar for alle. Frå Årvika er det ca 1,5 km med grusa sti. Denne stien har ein bakke som kan vera utfordrande for rullestol/rullator, men med barnevogn bør det gå bra så lenge ein er forsiktig.

Avstandar

Frå Vardetangen er det ca 850 meter med grusveg som passar for alle.
Frå Årvika er det ca 1,5 km med grusa sti.