Vinjaåsenhytta - Aurland kommune

Vinjaåsenhytta ligg langs stien mellom Aurlandsvangen og Stegastein utsiktspunkt og Bjørgo. Frå Vinjaåsen har du utsikt ned mot Aurlandsvangen, ut over Aurlandsfjorden mot Flennes, Skjerdal og litt oppover dalen retning Aurlandsdalen og innover fjorden retning Flåm.

Opning-av-dagsturhytta-i-Aurland--SSF-04843.JPG

Foto: Jan Christian Jerving

Tilkomst og parkering

Aurlandsvangen er utgangspunktet for turen. Her er det mogleg å kome med buss. Parkering ved Aurland stadion eller i sentrum. 

Stien til hytta

Følg asfaltveg frå parkeringa i omtrent 10 minutter til startpunkt for sti i terreng. Eit døme er å gå vegen Bakkane til Vinjavegen og følgje denne og så finne stien derfrå. Stien er merka med raude merke, og har mellombels skilt som seier når du skal ta av frå stien mot hytta. Hytta er ca. 50 meter frå stien og er lett synleg. 

Stien opp til dagsturhytta er den same som går til Stegastein. 

Langs vegane frå parkeringsplassen til stien er det vere uproblematisk å gå, trille barnevogn o.l. Når stien tar til i terreng, er han ikkje eigna til anna enn gåing. Stien skal utbetrast på nokre punkt. Han har nokre bratte parti, og kan òg på eit parti vere glatt å gå når det er mykje regn. 

Avstandar

Vinjaåsen ligg på om lag 300 meter. Turen opp til dagsturhytta tek om lag ein og ein halv time frå Aurlandsvangen i moderat tempo.