Fjerning av parkeringsplassar i Eidsvågveien
Før parkeringsforbodet skjer blir det gjort tiltak, fleire etter innspel frå naboar. Mellom anna blir den gamle snuplassen på Lønborg omgjort til parkeringsplass.
Det blir ikkje innført parkeringsforbod før på nyåret.
Før parkeringsforbodet trer i kraft skal naboar få SMS. Når skilta langs vegen er avdekt, er det ikkje lenger er lov å parkere i Eidsvågveien.
Mange gode innspel har komme frå naboar, og fleire av desse blir gjennomført. I tillegg er Vestland fylkeskommune i dialog med Bergen kommune om å opprette soneparkering, andre tiltak er også vurdert.

Under har vi samla spørsmål, og kanskje finn du svar på det du lurer på.
Når trer forbodet i kraft?
Det er ikkje satt ein nøyaktig dato for når forbodet vil tre i kraft, men det vil bli sendt ut ein SMS til bebuarar i området ei veke før skilta blir avdekt. Det er framleis nokre avbøtande tiltak som står att. Parkeringsforbodet vil ikkje bli satt i verk før følgande avbøtande tiltak er realisert:
- Nye parkeringsplassar for personar med nedsett funksjonsevne er etablert ved Furubotn.
- Veglys på strekninga blir bytta
- Plassar reservert for bildeling i Helleveien blir omdisponert til allmenn parkering.
- Nye allmenne parkeringsplassar blir etablert på den gamle snuplassen på Lønborg.
Har eg rett til å klage på forbodet?
Du har ikkje klagerett på vedtaket om skiltregulering. Vedtaket gjeld allmenta, og ikkje enkeltpersonar eller verksemd.
Du kan komme med innspel og tilbakemeldingar på tiltaket, desse kan sendast på e-post til post@vlfk.no
Korleis har høyringsprosessen vore, og kvifor er ikkje naboar inkludert?
Skiltsaker på fylkesveg blir først førebudd av fylkeskommunen, og deretter sendt over til Statens vegvesen som vurderer saka og gjer eit vedtak. Før vedtaket blir gjort gjennomfører Statens vegvesen høyring i samsvar med krava i skiltforskrifta. Ettersom offentlege trafikkskilt gjeld for alle trafikantar, ikkje enkeltpersonar eller enkeltverksemder, er det politiet og kommunen som kan uttale seg på vegne av allmenta.
Korleis blir personar med nedsett funksjonsevne ivareteke?
Langs strekninga som blir skilta med parkeringsforbod blir det etablert to nye parkeringsplassar for rørslehemma. Desse er plassert ved krysset ved Furubotn midt på den regulerte strekninga.
Kvifor kan vi ikkje behalde parkering som den er?
Vegen er ikkje brei nok for trafikken som går der i dag.
Eidsvågveien har ein varierande vegbreidde som er smalare enn det ein slik veg med kollektivtrafikk, trafikkmengd og toveistrafikk bør ha. Vi har gått gjennom strekninga, men vi har ikkje klart å finne nokon stedar der det er god nok breidde til å kunne tillate parkering og samtidig ha den standarden på framkomme som vi ønskjer. Då måtte vi ha gjort store inngrep i terrenget rundt. Utgangspunktet for vår vurdering er at dagens framkome ikkje er akseptabel og at vi må gjennomføre tiltak som kan betre denne.
Kan eg lage min eigen parkeringsplass på tomten min?
Du må søke for å kunne lage din eigen parkeringsplass.
I område der det finst ein reguleringsplan er det Bergen kommune som er mynde etter plan- og bygningsloven. Vestland fylkeskommune får mogelegheit til å uttale seg til saka ved at kommunen sender søknaden på høyring. Bergen kommune handsamar søknadar som er knytt til kommunal veg.
Vestland fylkeskommune handsamar søknadar knytt til fylkesveg i område som er uregulerte. Ligg området nær fylkesveg og/eller har tilkomst frå fylkesveg er det Vestland fylkeskommune som skal fatte vedtak etter veglova.
Ligg parkeringsplassen innanfor byggegrensa til fylkesveg må du ha dispensasjon. Du må også ha løyve om du skal etablere ny avkøyrsel eller endre bruk eller utforming av eksisterande avkøyrsel.
Søknadsskjema og meir info finn du her: https://www.vestlandfylke.no/fylkesveg/loyve-og-dispensasjonar/
Blir parkeringsplassane erstatta?
Delvis. Det er i utgangpunktet ikkje planlagt å erstatte alle plassane. Alternative parkeringsmoglegheiter finst på kommunale vegar i området, i tillegg langs Helleveien på Lønborg.
På Lønborg vil nokre av parkeringsplassane som i dag er haldt av til bildeling bli omgjort til parkeringsplassar for alle. Det blir også etablert nokre nye plassar på snuplassen på Nordre Lønborg.
Kan eg få kompensasjon for eventuelt verditap på bustad?
Nei, naboar til offentleg veg har i utgangspunktet ikkje rett på å kunne parkere på offentleg areal langs vegen. Det er difor ikkje aktuelt å gi kompensasjon.
Kor blir det lov å parkere? Kan eg parkere om bilen står utanfor den kvite stripa?
Parkering forbode-skiltet gjeld for heile det området som kan seiast å vere en del av vegen og ope for alminneleg ferdsle, også utanfor den kvite stripa.
Kor grensa går for kva som tolkast som ein del av vegen vil vere ei vurdering som blir gjort av parkeringsvaktane.
Er vegen trygg å gå på?
Trafikktryggleiken langs vegen er nøye vurdert. Vi kjem til å følgje opp dette i tida etter at tiltaket er utført. Vår vurdering er at risikoen er akseptabel, sjølv etter at parkeringsplassane er fjerna.
Når vi fjernar parkerte bilar kan gjennomsnittsfarten auke noko, men vår vurdering er at denne aukinga er avgrensa. Det er også lite truleg at det blir fleire køyretøy som køyrer over fartsgrensa på 40 km/t. Eidsvågveien vil framleis vere ein smal veg der bilistar må tilpasse farten etter forholda. Det er også fartshumpar på heile strekninga.
Når parkerte bilar langs vegen er fjerna blir også sikta betre. Det gjer at bilistar tidlegare blir merksam på gåande og syklande langs vegen.
Kan eg få dispensasjon frå forbodet?
Nei, vegtrafikkloven og skiltforskrifta gir ikkje moglegheit for å kunne gi enkeltpersonar eller eigendommar dispensasjon.
Muren på utsida av vegen mellom Lyngveien og Fagerbakken er i dårleg stand, blir den fiksa?
Murkonstruksjonen langs vegen har i haust blitt inspisert og vurdert av våre fagfolk. Dei vurderer at tilstanden ikkje er så kritisk at det må settast inn umiddelbare tiltak, men vi ønsker å utbetre muren på sikt.
Kor kan eg finne dokumenta i saken?
Du kan finne alle dokumenta i saken i Vestland fylkeskommunes innsynsløysning på einnsyn.no. Det er mogleg at det finst andre dokument hos de andre offentlege etatane som har handsama saken (Statens vegvesen, Bergen kommune og Vest politidistrikt,) innsyn i disse dokumenta må søkast hos den enkelte etat.