Meld inn forslag/innspel til trafikksikringstiltak

Fylkeskommunen sett pris på innspel og forslag til fysiske tiltak som kan betre trafikktryggleiken på fylkesvegnettet.

Kva kan ein gi innspel og forslag på?

Innspel og forslag til fysiske tiltak kan vere ønskje om endra fartsgrense, fartsregulerande tiltak, gangfelt eller sikring av kryssingspunkt, veglys, rekkverk og tiltak mot utforkøyring, fortau og tilbod til mjuke trafikantar, og anna skilt og oppmerkingstiltak.

Fysiske utbetringstiltak er ofte kostnadskrevjande, og vi er avhengig av løyving av midlar for gjennomføring. Aktuelle utbetringstiltak vil bli vurdert og prioritert opp mot andre trafikksikringstiltak på fylkesvegnettet.

Gjeld berre for fylkesvegar

Merk at denne innspelsløysinga gjeld berre for fylkesvegar i Vestland fylke. Dersom ein har innspel som gjeld europaveg eller riksveg må ein kontakte Statens vegvesen, og dersom ein har innspel som gjeld kommunale vegar må ein kontakte kommunen  

 

 

Der det ikkje er vedtak om særskilt fartsgrense så er det i Noreg generelt 50 km/t fartsgrense innafor tettbygd strøk, og 80 km/t utanfor tettbygd strøk. Det norske fartsgrensesystemet skal ta omsyn til mennesket si tåleevne, vegutforming og miljø, men må også vere forståeleg for trafikantane.

Dersom du opplever at det er for høgt fartsnivå på fylkesvegen der du bur eller oppheld deg kan du sende inn forslag om endra fartsgrense. Forslaget vil bli vurdert opp mot krav som er fastsett i gjeldande fartsgrensekriterier. Kriteria tek i utgangspunktet ikkje omsyn til om vegen er smal eller svingete, men byggjer i hovudsak på busetnad langs vegen, aktivitet på og langs vegen, samt tal avkøyringar, hyppigheit av ulukker og i enkelte tilfelle trafikkmengd.

Dersom Vestland fylkeskommune kjem til at det er grunnlag for forslag om endra fartsgrense vil det bli sendt til Statens vegvesen som er vedtaksmynde i skiltsaker.

Fartsgrensekriterier finn du i Statens vegvesen si handbok N300: https://store.vegnorm.vegvesen.no/n300

Ved etablering/tilrettelegging av eit kryssingspunkt over fylkesveg, er det ei rekke krav som må vere oppfylt. Det må mellom anna vere tilstrekkeleg frisikt, kryssingspunktet må vere godt belyst, og kryssingslengda må ikkje vere for lang. I tillegg må kryssingspunktet vere plassert kor det er naturleg at mjuke trafikantar kryssar vegen.

Meir informasjon og krav til kryssingspunkt finn ein i handbok V127: Statens vegvesen - kryssningssteder for gåande

Gangfelt er i utgangspunktet ikkje eit trafikksikringstiltak, men eit tiltak for å gjere det lettare for mjuke trafikantar å krysse vegen på stader kor det er høg trafikkmengd og kryssing av vegen derfor blir vanskeleg.
Ved etablering av gangfelt må Vestland fylkeskommune følgje Statens vegvesen sine kriteria i handbok V127. Her er det ei rekke krav som eit kryssingstilbod må stette før ein kan skilte og merke opp gangfelt. Det er mellom anna krav om kryssingsmengde, fri sikt, landingsareal på kvar side, plassering, fartsgrense og fartsnivå, veglys, og kryssingslengde.


Meir informasjon og krav finn ein i handbok V127: Statens vegvesen - kryssningssteder for gåande 

Skilting av fartsgrense er i fleire tilfelle ikkje tilstrekkeleg for at dei køyrande skal holde rett fart.

Det finnes ulike tiltak for å redusere fartsnivået med fysisk fartsdemping, der fartshumpar er blant det mest brukte tiltaket. Fartshumpar kan berre etablerast på veger med fartsgrense 50 km/t eller lågare. Det er fleire omsyn som må vurderast før vi etablerer fartshumpar. I dei fleste tilfelle ønskjer vi å utføre ei fartsmåling for å dokumentere det faktiske fartsnivået. Vidare må det mellom anna takast omsyn til kollektivtrafikk, drift- og vedlikehald av vegen, støyforhold, og utrykkingskøyretøy.

Meir informasjon og krav finn ein i handbok V128: Statens vegvesen - Fartsdempande tiltak

Veglys er eit godt trafikksikringstiltak. Men dette føresett at det er samanhengande strekningar som er belyst. Det er ikkje ønskeleg med veglys på korte strekningar, eller i enkeltpunkt. Dette fordi ein vil få svært mørke områder før og etter det belyste punktet eller den belyste strekninga. I tillegg tar det ei viss tid før auga har omstilt seg frå lys til mørke. 

I kryssområder, eller i områder kor mjuke trafikantar kryssar vegen, kan intensivbelysning eller forsterka belysning vere gode tiltak som betrar trafikktryggleiken langs belyste vegstrekningar.

Meir informasjon og krav finn ein i handbok V124: Statens vegvesen - Teknisk planlegging av veg- og tunnelbelysning

Vi har mykje utfordrande terreng på Vestlandet. For å redusere antal ulykker, og spesielt skadeomfanget i ulykker, er det viktig å sikre sideterrenget mot påkøyringsfarar og utforkøyring. Enten kan ein gjere tiltak i sideterrenget som reduserer skadeomfanget ved ei eventuell utforkøyring, eller så kan ein etablere rekkverk. Begge desse tiltaka kan vere både kostnadskrevjande og plasskrevjande. Rekkverk kan òg nyttast til skilje mellom køyretrafikken og mjuke trafikantar  

Meir informasjon og krav finn ein i handbok N101:    https://store.vegnorm.vegvesen.no/n10122    

Trafikkskilt er ein vesentleg del av det systemet som varslar, informerer, leiar og styrer trafikantane. God og korrekt skilting er ein føresetnad for trygg og effektiv avvikling av vegtrafikken. For å kunne fylle si rolle, må trafikkskiltinga vera utført på ein einsarta og konsekvent måte over heile landet. Dersom skilt blir brukt feil og dermed blir ulogiske for dei som køyrer, kan det vere vanskeleg for dei køyrande å respektere skilta. I slike tilfelle kan skilta gi falsk tryggleik for dei som oppheld seg på vegen. Det er derfor ei rekke krav til korleis ein kan nytte offentlege trafikkskilt på vegnettet.

Fylkeskommunen vil først vurdere saka, og dersom vi meiner det er grunnlag for å sette opp eller endre skilt, vil vi sende saka vidare til Statens vegvesen for å få skiltvedtak. Det er Statens vegvesen som er skiltmynde, også på fylkesvegane.

Lenke til handbok N300 som inneheld tekniske føresegn og retningslinjer for bruk og utforming av offentlege trafikkskilt finn ein her: https://store.vegnorm.vegvesen.no/n300  

Fortau, sykkelfelt, gangvegar, og gang- og sykkelvegar er trafikksikre tilbod for mjuke trafikantar som bevegar seg langs vegane. Fylkeskommunen er opptatt av trafikksikre tilbod for mjuke trafikantar, spesielt i områder kor mange born ferdast. Etablering av eige tilbod for mjuke trafikantar er svært kostnadskrevjande og plasskrevjande. Dette er derfor tiltak som ofte må bli avklart, vurdert og prioritert gjennom større overordna planarbeid i samråd med kommunane.