Kven fortener trafikktryggingsprisen i år?

Kom med forslag til kven som bør få Trafikktryggingsprisen 2024! Fristen er gått ut.

Fire barn på veg til skulen
Illustrasjonsfoto: Trygg Trafikk / Anders Aa Hagen.


Kven kan få prisen?

Vestland fylkeskommune deler kvart år ut ein trafikktryggingspris til nokon som har utmerka seg i trafikktryggingsarbeidet. Både personar, lag og organisasjonar kan motta prisen.

Trafikktryggingsarbeid kan vere:

  • drive haldningsskapande arbeid
  • gje opplæring
  • gjennomføre trafikktryggingsaktivitetar
  • leggje til rette for mjuke trafikantar
  • trygge vegane våre

Kven kan foreslå kandidatar?

Alle innbyggarar i fylket kan føreslå kandidatar til prisen. Har du eit forslag kan du medle inn via skjemaet på denne sida. Hugs å få med kvifor du meiner din kandidat fortener prisen. Retningslinjer for prisen finn du nedanfor. 

Dette er prisen

Trafikktryggingsprisen er på 50 000 kr og det er trafikktryggingsutvalet i Vestland som avgjer kven som får den. 

  1. Vestland fylkeskommune kan kvart år dele ut ein trafikktryggingspris på 50.000 kr. Saman med prisen vert det også delt ut eit diplom som ber Vestland sitt fylkesvåpen, med
    underskrift av fylkesordførar og leiar i trafikktryggingsutvalet (FTU).
  2. Trafikksikringsprisen kan verta delt ut til einskildpersonar eller grupper av personar, lag og organisasjonar som høyrer heime i fylket og som har vist særleg stor innsats i samband med trafikksikringsarbeidet i fylket.
  3. Alle innbyggjarar i fylket kan føreslå kandidatar til prisen. Forslaga skal ha ei grunngjeving, helst levert skriftleg. Trygg Trafikk, Politiet, Statens vegvesen samt kontaktpersonane for
    trafikksikring i kommunane vert særleg invitert til å foreslå kandidatar. Prisen kan også verta tildelt ein kandidat som FTU sjølv nominerer.
  4. FTU avgjer om prisen skal verta delt ut, og kven som skal få den. Berre namnet på prisvinnaren vert offentleggjort.
  5. FTU syter for naudsynt informasjon og annonsering av trafikksikringsprisen.
  6. Det skal ikkje verta sett vilkår for korleis mottakaren nyttar prisen.
  7. Trafikksikringsprisen med diplom vert delt ut i samband med den årlege trafikktryggingskonferansen for kommunane.