Søk om å plasssere kontainar eller stillas

Du må søke om å få plassere større objekt som t.d. stillas og konteinarar (kleskonteinar, avfallskonteinerar, returkonteinar) langs fylkesveg.

Dette kan du søke om: 

Du kan søke om løyve til å plassere større objekt som t.d. stillas og konteinarar (kleskonteinar, avfallskonteinerar, returkonteinar) langs fylkesveg. Du kan søke om midlertidig eller permanent plassering. 

Kven kan søke?

Alle kan søke. 

Dette må du ha med i søknaden 

  • Kven som søkar 
  • Kart/målsett skisse av plassering og utforming/storleik 
  • Skildring av kva du skal bruke konteinaren/stillaset til 
  • Kor lenge stillaset/konteinaren skal stå på staden 
  • Korleis ein skal sette ut og hente inn stillaset eller konteinaren 

Slik vurderer vi søknaden 

Vi vurderer trafikktryggleiken og framkome når vi behandlar søknaden. Dette kan vere om objektet hindrar fri sikt, det er fare for å køyre på objektet. Det er også viktig at det er nok plass til mjuke traffikantar, og at tilkomst til eigedommar og universell utforming er ivareteke.  

Vi vurderer alle søknadar fortløpande, du kan forvente svar innan 2-4 veker. 

Spesielt for permanente objekt

Objektet kan også være søknadspliktig etter andre reglar, til dømes plan- og bygningslova, her kan du kontakte kommunen din for rettleiing.