Søk om løyve til graving og framføring

Du må søkje om grave- og framføringsløyve for arbeid som inneber graving, legging, flytting, reparasjon og fjerning av kablar og leidningar over, under og langs fylkesveg.

Dette følgjer av leidningsforskrifta og veglova §§ 32 og 57.

Søknadsplikta dekkjer fylkeskommunen sitt eigedomsområde og alltid området innanfor 3 meter frå vegkant, uavhengig av kven som er grunneigar. 

I tillegg til å søkje om grave- og framføringsløyve må du sørgje for å ha godkjent arbeidsvarslingsplan. Denne vert handsama av Statens vegvesen. Grave- og framføringsløyvet skal vere godkjent før du søkjer om å få godkjent arbeidsvarslingsplan. Hugs å leggje ved godkjenningsbrevet for graving/framføring i søknaden til Statens vegvesen.

For hjelp med søknaden, sjå Statens vegvesen sine rutinar for graving og legging av leidningar over, under og langs offentlig veg (PDF). Her kjem det også fram kva dokumentasjon som skal leggjast ved søknaden.

Merk at Vestland fylkeskommune frå 1. januar 2020, og i saker som gjeld fylkesveg, er rette myndigheit og mottakar for ei rekkje søknadar og spørsmål som tidlegare gjekk til Statens vegvesen. Rutinane for graving og legging av leidningar vil bli oppdatert i tråd med ny ansvarsfordeling mellom fylke og Statens vegvesen. 

Søknad om løyve skal skje via elektronisk søknadsskjema innan rimeleg tid før planlagt oppstartdato.

I søknad om løyve skal det kome fram kva planar som ligg føre, med nødvendige kart og skildringar av det planlagde arbeidet. Søknaden skal vidare innehalde namn på leidningseier, kontaktperson hjå leidningseigar samt namnet på eventuell utførande entreprenør.

Leidningseigar skal oppgi namn på kontaktperson som også kan verte kontakta utanfor normal arbeidstid.

Ved leidningsbrot kor det er trong for rask utbetring er det tilstrekkeleg at Vegtrafikksentralen (telefon 175) vert varsla munnleg. Søknaden skal så snart som mogleg verte gjort skriftleg. Krav til arbeidsvarsling gjeld. Om den utførande ikkje har generell arbeidsvarslingsplan skal arbeidsvarslingsplan verte utarbeidd og sendt Statens vegvesen første kvardag etter at arbeidet er starta opp.

Om arbeidet involverer brukonstruksjonar skal Avtale om framandinstallasjoner i bruer (PDF) verte vedlagt søknaden.