Fv. 55 Høyheimsvik–Nes

Fylkeskommunen lagar detaljreguleringsplan for utbetring av strekninga i lag med Luster kommune, og med dette god standard frå Høyheimsvik til Sogndal. Mellom tiltaka er arbeid med vegfundament, dårleg sikt, avkøyrsler og utfordrande kurvatur.

Fakta

Fase: Planfase
Veg: Fv. 55
Område: Luster

Ser du ikkje kartet rett over her, har du kanskje ikkje godteke cookieinnstillingane som krevs. Du kan anten endre samtykke og tillate cookies, eller du kan klikke her for å sjå kartet i eige vindauge.

Reguleringsplanen skal legge til rette for ei utbetring av fylkesvegen mellom Nes og Høyheimsvik til vegnormalstandard (utbetringsstandard). Utbetringa vil gje samanhengande god standard på fylkesveg 55 mellom Høyheimsvik og Sogndal. Reguleringsplanen skal sikre eit godt grunnlag for utbygging av strekninga.

Mange utfordringar med vegen

Strekninga fv. 55 Høyheimsvik–Nes ligg mellom tettstadane Høyheimsvik og Nes i Luster kommune. Utstrekninga er om lag 2400 meter. Vegen har variabel standard, men er tidvis spesielt smal og har utfordrande kurvatur. Det er stadvis svært dårleg sikt, busetnad heilt inn mot vegen og fleire avkøyrsler med uheldig utforming. Fleire vegmurar på strekninga er i ferd med å rase ut og vegen er dårleg fundamentert. Grunna nærliggande nasjonale turistvegar er sommartrafikken er ei særleg stor utfordring i dette området, der trafikken kan til tider stogge heilt opp på strekninga.

Målet er betre framkome for gjennomgangstrafikken, tunge køyretøy (næringstrafikk), lokalbefolkninga og turistar. Det er ynskjeleg med betre framkome og reduserte avstandskostnadar for å styrke konkurransekrafta i næringslivet og for å betre samanknyting av felles bu- og arbeidsområde. 

Utbetringa av fylkesvegen skal leggje til rette for at det ikkje skal oppstå ulukker med drepne eller hardt skadde på strekninga.

Prosjektet skal legge til rette for å redusere klimagassutslepp frå bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegen.

 

Kontaktpersoner

Otto Eikeset

Planprosjektleiar