Ser du ikkje kartet rett over her, har du kanskje ikkje godteke cookieinnstillingane som krevs. Du kan anten endre samtykke , og tillate cookies eller du kan klikke her for å sjå kartet i eige vindauge.
Målet med planarbeidet er at det skal vera trygt og attraktivt å ferdast for mjuke trafikantar. Trafikktrygge løysingar skal bidra til betre folkehelse og gi ein meir miljøvenleg persontrafikk.
Voss herad har lagt planforslaget ut til høyring og offentleg ettersyn. Frist for å koma med innspel er 8. desember 2025. Sjå saksdokument om vedtak.
Kva er open kontordag?
Er ein dag der Vestland fylkeskommune opnar kontoret for besøkande. Dette gjer vi på Tinghuset i Voss herad for dei som vil ha meir informasjon om planane for Ringheimsvegen. Her ønsker vi dialog med berørte naboer til Ringheimsvegen, og elles innbyggarar i kommunen. Vi oppfordrar dei som har interesse om å ta turen innom for å få meir kunnskap om korleis vi arbeidar, kome med innspel, sjå kart og planar for ny veg, og få eit innblikk i planprosessen vidare. Her kan du få ein prat med representantar frå fylkeskommunen, kommunen og konsulent.