Fv.562 Lavik-Haugland

Ny fylkesveg strekk seg frå Horsøykrysset (ved Kiwi) på Juvik og til Asskaret. Fleire av dei gamle avkøyrsla er fjerna og er samla i  eit større knutepunkt. Utviding av fylkesvegen er gjort med omsyn til landskapet og eit krevjande terreng.

Om prosjektet

Fakta

Fase: Avslutta
Veg: fv. 560
Område: Askøy kommune
Kostnad: Totalkostnad 700 mill. kr (2025)

Start på byggearbeidet

Mai 2022

Opning september 2025

Ny fylkesveg mellom Lavik og Haugland blei opna 21. november 2025 med folkefest og snorklipping.

Fylkesveg 562 Lavik-Haugland er no oppgradert. På den gamle, smale og kronglete vegen var det mange ulykker. No får bade vaksne og barn ein tryggare veg når dei går, syklar eller køyrar langs denne strekninga. Vegen er også universelt utforma – sånn at vegen skal vere god og trygg for alle.

Mange glade folk som står samla foran ein klypt snor.
På Askøy var blant anna elevar frå Haugland barneskule til stades då fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Stian Jean Opedal Davies opna vegen ✂️ Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune

 

Kontaktpersoner

Kjetil Kolle Solheim

Byggeleiar