Bransjetreff 2024

Årets bransjetreff vart arrangert 15. februar i Bergen, og samla over 80 deltakarar frå entreprenør-, konsulent- og leverandørbransjen.

Menneske sit i konferansesal. Mann på scene, med storskjerm bak der det står VLFK definerer fokusområde.
Bransjetreff Vestland fylkeskommune 2024 samla aktørar innan veg og infrastruktur til samtaler og debatt.

Første del av dagen var sett av til gjennomgang av prosjekt og aktivitet på fylkesvegane i Vestland frå 2024, med presentasjonar frå alle utbyggingseiningane og drift- og vedlikehaldsmiljøet i Vestland fylkeskommune.

Etter lunsj var temaet nye klima- og miljøkrav, og kva moglegheiter det vil gje entreprenørar, rådgjevarar og fylkeskommunen.

Dagen vart avslutta med ei panelsamtale, leia av Kjersti Granaasen, innovasjonspådriver​, Leverandørutviklingsprogrammet (LUP).

Seks menneske står side om side på ei scene'. På scena er det også fire runde, høge bord.
Deltakarar i panelsamtalen var f.v. Anniken Torset, miljørådgjevar for HRP/Vestland fylkeskommune, Hjalmar Olseth, leiar for juridisk eining, infrastruktur og veg i VLFK, Alex Lunde, Rådgivende Ingeniørers Forening (RIF), Arild Bøthun, Maskinentreprenørenes forbund (MEF) og Kåre Romarheim, Entreprenørforeningen - Bygg og Anlegg (EBA). Samtalen vart leia av Kjersti Granaasen(LUP).