Søk tilskot frå Regionalt forskingsfond Vestland

Regionalt forskingsfond (RFF) Vestland lyser ut midlar til mindre og større forskingsprosjekt. Bedrifter, kommunar og forskingsorganisasjonar i fylket kan søkje.

Fondet støttar forsking som bidrar til innovasjon og verdiskaping i Vestland.

For 2020 har fondet lyst ut kr. 9 millionar til forprosjekt. Bedrifter, kommunale organisasjonar og forskingsorganisasjonar kan søkje om kr. 200.000 - 500.000 i støtte per prosjekt. Det er løpande innsending og behandling av søknader. Utlysinga er aktiv så lenge det er midlar igjen.

For 2021 er det lyst ut 12 millionar til større prosjekt på inntil 3 år. Bedrifter, kommunale organisasjonar og forskingsorganisasjonar kan søkje om inntil 3 millioner til sitt prosjekt. Siste søknadsfrist er 1. desember 2020 kl. 13.00.

I tillegg er det sett av kr. 9 millionar til forprosjekt også i 2021. 

nettsida til RFF Vestland kan du lese meir om utlysinga og få meir detaljert informasjon om kven som søkje, krav til søknader med vidare.