Fiskesprell - meld deg på kurs

Fiskesprell er eit nasjonalt kosthaldsprogram som skal få  barn og unge til å ete meir fisk. Vi har kurs for barnehagetilsette og elevar i barne- og ungdomsarbeidarfaget.

I Fiskesprell er vi opptatt av at alle barn skal oppdage kor godt dei likar sjømat. Fiskesprell er eit nasjonalt kosthaldsprogram som har som mål å leggje til rette for at barn og unge skal ete meir sjømat.

Fylkeskommunen tilbyr kurs for tilsette i barnehagar og til elevar i barne- og ungdomsarbeidarfaget i vidaregåande opplæring. Les meir om dei ulike kursa og korleis du melder deg på under:

Litt om kurset

Vi inviterar  tilsette i barnehagar til gratis heildagskurs om barn, kosthold og sjømat. Kurset har ein teoretisk og ein praktisk del. Gjennom kurset får du innføring i ulike tema knytt til kosthald og helse hos barn, med eit særskilt fokus på sjømat. Du får også praktisk innføring i korleis du kan lage i stand mat og presentere enkle, barnevenlege rettar med fisk.


Meld deg på

 

Kommunane i Vestland vil få invitasjon gjennom folkehelsekontakt. Har du spørsmål? Kontakt anne.mette.nesje.porten@vlfk.no.

Litt om kurset

Kurset er eit dagskurs for elevar i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Mål er å gje eit teoretisk grunnlag om viktigheita av å ha eit sunt kosthald i barnehage- og skulealder. Det vil også innhalde ein praktisk gjennomføring i tilbereding av sjømat.


Meld deg på:

Vidaregåande skular som ønskjer kurs for BUA-elevane sine kan sende e-post til: anne.mette.nesje.porten@vlfk.no.