Søk TT-kort
Kven kan søkje om TT-kort?
- Ordninga gjeld personar over 10 år som på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte buss.
- Funksjonsnedsettinga må venteleg vare i minst 2 år.
Kva kan du søkje om?
Du kan søkje om fritidsreiser med drosje eller spesialbil (bil utstyrt for transport av rullestolbrukarar).
Korleis søkjer du?
Søknaden består av to skjema: Søknadsskjema og legeerklæring. Du fyller sjølv ut søknadsskjema. Det er viktig at du grunngjev kvifor du ikkje kan nytte offentleg transport. Legeerklæringa skal fyllast ut, underteiknast og stemplast av lege. Begge skjema må vere fylt ut før vi kan behandle søknaden. Send skjema samla til:
Vestland fylkeskommune
Avdeling for mobilitet og kollektivtransport
Postboks 7900
5020 Bergen
Her er skjema:
Kven behandlar søknaden?
Fylkeskommunen gjer vedtak i saka på grunnlag av ei tilråding frå den fylkeskommunale legenemnda. Du vil få melding om vedtak i saka så snart den er ferdig behandla.
Du kan klage på avslag
Får du avslag kan du sende klage til:
Vestland fylkeskommune
Avdeling for mobilitet og kollektivtransport
Postboks 7900
5020 Bergen