Søk refusjon av drosjeutgifter til fritidsreiser i TT-ordninga

For å få refusjon av drosjereiser føreset det at:

  • du har gyldig godkjenning i transportordninga ved reisetidspunktet
  • du har dekning på TT-kortet ved reisetidspunktet

Du kan få refundert drosjereiser dersom:

  • TT- kortet ikkje verkar
  • du har mista kortet
  • kortet er feilaktig sperra eller inaktivt
  • drosjen ikkje får kontakt med TT-kortet på kortterminal

Du kan berre søke om du oppfyller kriteria over.

Dersom du får godkjent søknad om refusjon får du overført til din bankkonto turkostnad minus eigendel kr 30. Du vert trekt tilsvarande sum frå TT- kontoen.

Frist for å sende inn søknadsskjema

Vi oppmodar om å sende inn søknadsskjema og kvitteringar snarast etter reistetidspunktet har funne stad, og seinast innan tre månader

Slik søkjer du refusjon

Du kan søkje om refusjon av drosjeutgifter ved laste ned skjema (Sjå turkis boks på denne sida) og sende inn kopi av originalkvitteringar.

Du kan sende inn kvittering i vanleg post. Hugs å oppgje namn og adresse, TT-kortnummer og ditt bankkontonummer.

Send det til:

Taxi Transport Service AS
Postboks 1
6861 Leikanger

Merk konvolutten TT-kvittering.

Du kan òg ta bilete av kvitteringane og sende på e-post til kontakt@tts.as