Arbeidskøyring er overført til kommunane
Ansvaret for arbeidskøyring for tidlegare brukarar i Hordaland vart overført frå fylkeskommunen til kommunane 1. juli 2022.
Desse kan søkje om stønad til transport til og frå arbeid
Varige uføretrygda personar som deltek i eit varig tilrettelagt arbeid (godkjent VTA-plass) kan i enkelte kommunar få tilrettelagt transport til og frå arbeid (arbeidskøyring).
Søkjarar må som hovudregel ha varige forflytingsvanskar, som fører til at dei ikkje kan reise til og frå arbeidet med vanleg offentleg transport.
Tilbod og vilkår vil variere frå kommune til kommune. Ta kontakt med kommunen du bur i for å undersøke om du har rett på tilrettelagt transport.