Kva er saldoen på TT-kortet?
Her får du oversikt over kor mykje pengar du har på TT-kortet ditt, og du kan sjå oversikt over turane dine.
Be sjåføren om saldo
Du kan be drosjesjåføren om å få kvittering med saldo etter drosjeturen.
Logg på med brukarnummar
MERK: Kontofonen er lagt ned, så du kan ikkje lenger ringe inn for å høre saldo.
Ved å taste inn brukarnummaret ditt som står på TT-kortet, kan du klikke her for å sjekke saldo: Sjekk saldo på TT-kortet.
Logg på med påloggings-id og passord
Som godkjent TT-kort-brukar vil du få tilsendt påloggings-id og passord saman med TT-kortet.
Du kan også sjekke saldo og ha full oversikt over dine turer og transaksjonar ved å logge deg inn med påloggings-id og passord via denne lenken: https://www.taxibiz.no