Kjenner du til lovbrot i drosjenæringa?

Vestland fylkeskommune vil gjerne bli tipsa om lovbrot i drosjenæringa.

Kjenner du til drosjar som køyrer utan løyve eller taksameter, manglar merking av løyvenummer på bilen eller andre lovbrot? Send oss ein e-post med tips. For å kunne identifisere drosjen bør vi få opplysningar om løyvenummer, løyvehaver eller registreringsnummer på bilen.

Tips som gjeld løyvekategoriane selskapsvogn, løyve for transport av funksjonshemma og ruteløyve er og av interesse.