Nasjonal oversikt over drosje- og ruteløyve

Dersom du treng oversikt over alle løyvenummer/løyvehavare i eit fylke eller heile Noreg, eller du har eit løyvenummer som du ønsker å vite eigaren på kan du søkje i det nasjonale løyveregisteret for drosje- og ruteløyve.

Der finn du også mellom anna oversikt over fylkeskryssande ruteløyve.

Du kan ta ut statistikk over utferda drosjeløyver pr. fylke/år/månad eller tal drosjeløyve pr. fylke.

Du kan og sjekke om eit løyve har dispensasjon frå taksameter, merking/taklampe og miljøkrava. (Registreringa er ikkje heilt oppdatert endå.)

Informasjon hentast direkte frå den nasjonale løyvedatabasen, og blir oppdatert fortløpande når fylkeskommunane gjer nokon endringar der.

Oversikt over gods,- og turvognløyve finn du på Statens vegvesen sin nettside.