Krav om utsleppsfrie drosjer frå 1. april 2024
Frå 1. april 2024 blir det innført miljøkrav til drosjenæringa i enkelte kommunar i Vestland.
VIDEO: KLP
Fylkestinget i Vestland fatta den 1. mars 2020 vedtak om å innføre nullutsleppskrav for drosjenæringa i kommunar frå tidlegare Hordaland frå 1. april 2024.
Dette medfører at drosjer som køyrer internt i Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnefjorden, Bømlo, Eidfjord, Etne, Fedje, Fitjar, Kvam, Kvinnherad, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Stord, Sveio, Tysnes, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Voss herad, og Øygarden må frå 1. april 2024 køyre med ein bil som ikkje har utslepp.
Fylkeskommunen er i gang med å greie ut moglegheitene for å innføre tilsvarande krav i samtlege kommunar i Vestland.
Spesielt om tidlegare Sogn og Fjordane:
Arbeid med å kartlegge miljøkrav er starta i september 2020. Meir informasjon kjem. Lurar du på noko? Kontakt Einar Atle Årdalsbakke, tlf. 57 63 82 10
Dette er vedtaket som fylkestinget har fatta
- Innføre miljøkrav i fleire kommunar med følgjande forskrift:
Med heimel i yrkestransportlova § 9 fjerde ledd vedtar Vestland fylkeskommune følgjande ny forskrift:
Tittel: Forskrift om miljøkrav til drosjenæringa i Vestland fylke.
I forskrifta skal § 1 lyde:
"§ 1. Løyvehavar pliktar å sørgje for at drosje registrert for inntil 9 personar ikkje har utslepp frå forbrenningsmotor ved køyring i følgjande kommunar:
Alver, Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnefjorden, Bømlo, Eidfjord, Etne, Fedje, Fitjar, Kvam, Kvinnherad, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Samnanger, Stord, Sveio, Tysnes, Ullensvang, Ulvik, Vaksdal, Voss herad, og Øygarden."
I forskrifta skal § 2 lyde:
"§ 2. Løyvehavar pliktar straks å gje skriftleg melding til løyvestyresmakta dersom drosjen har brote miljøkravet i § 1."
I forskrifta skal § 3 lyde:
"§ 3. Løyvehavar kan utføre oppdrag frå ein stad utanfor kommunen med miljøkrav til ein stad innanfor kommunen med motorvogn som ikkje oppfyller krava i § 1. I samband med ein slik tur er det tillate å ta med passasjer på oppdrag ut av kommunen. Tomkøyring inn til ein kommune med miljøkrav for å utføre oppdrag ut av kommunen er berre tillate for bestilte turar"
Forskrifta trer i kraft 1.4.2024.
- Administrasjonen startar utgreiing om det er mogleg å innføre tilsvarande krav i samtlege kommunar i Vestland fylke.
- Fylkestinget ber om at utval for samferdsel og mobilitet i 2022, før praktisk iverksetjing av forskrifta i 2024, får ei orientering om stoda kring ladeinfrastruktur, køyrety for personar med nedsett funksjonsevne, køyrety med 4-hjulstrekk, konsekvensar for grensekommunar og korleis endringar i yrkestransportlova slår inn for drosjenæringa.
- Når det gjeld fylkeskommunal støtte og investering til ladeinfrastruktur skal alle kommunar i Vestland fylkeskommune prioriterast på lik linje, etter ein felles gjennomgang og som legg til rette for at forskrifta kan innførast for heile fylket.
- Fylkestinget ber om at arbeidet med å byggje ut ladeinfrastruktur i heile Vestland fylke held fram.