Informasjon om ruteløyve

Vestland fylkeskommune har ansvar for forvaltning av persontransport i rute med buss-, båt- og ferjer i alle kommunane i Vestland.

Vestland fylkeskommune tildeler og ser til drifta av løyve for persontransport i rute for all fylkesintern buss-, båt- og fylkesvegferjedrift i alle kommunane i fylket, herunder takst og tilskot.

Vestland fylkeskommune er også løyvestyresmakt for fylkesoverskridande ruter dersom løyvesøkjar har forretningsadressa si i Vestland og ruta gjeld i Vestland.

Dersom ruta gjeld i eit anna fylke, skal den fylkeskommunen der endepunktet for ruta er eller der ein reknar med at hovuddelen av trafikkgrunnlaget er, behandla søknaden Vegdirektoratet er løyvestyresmakt for riksvegferjer.