Årleg rapportering for løyvehavarar

Vestland fylkeskommune har innført årlege rapporteringskrav for løyvehavarar i Vestland fylke. Informasjon om rapportering for 2023 vert sendt ut til alle løyvehavarar i mai 2024.

Kva blir rapporteringa brukt til?

Rapporteringa vil gi oss ein betre oversikt over drosjemarknaden i Vestland.  Slik kan vi vurdere om det er naudsynt å setje i verk tiltak for å betre på eit utilfredsstillande transporttilbod. 

Statistikk frå marknaden kan bli publisert på nettsidene våre, brukt til å svare ut spørsmål frå politisk hald, presse, andre offentlege etatar og liknande.

Du har plikt til å svare

Vestland fylkeskommune ber deg som løyvehavar om å rapportere informasjon om verksemda di til oss. Vi viser til at kvar løyvehavar har ei plikt til å svare på denne rapporteringsførespurnaden, jf. yrkestransportforskrifta § 21.

Vi leverer ikkje ut teiepliktige opplysningar utan samtykke.

Vi ber om at du rapporterer etterspurde opplysningar ved å nytte skjema på denne sida. 

Rapport for drosjenæringa for 2022 finn du her.