Klimafotavtrykket til Vestland fylkeskommune
Det samla klimafotavtrykket til Vestland fylkeskommune vart berekna til om lag 451 000 tonn CO2-e i 201813. Det dekker direkte utslepp frå fylkeskommunal drift (køyretøy, maskiner og oppvarming), innkjøpt energi (varme og straum), og indirekte utslepp frå innkjøpte varer og tenester (transport, bygg og infrastruktur, forbruksmateriell og utstyr). Berekningane er basert på generelle utsleppsverdiar knytt til fylkeskommunale utgifter rapportert i KOSTRA og vil variere frå år til år i tråd med eingongsinvesteringar i utbyggingar.
Klimafotavtrykket inkluderer klimagassutslepp for heile livssyklusen i tillegg til dei direkte utsleppa. Innkjøpte transporttenester står for størstedelen av klimafotavtrykket. Deretter kjem utslepp frå bygging og vedlikehald av fylkesvegar, og noko frå skulebygg.