Klimabudsjett i fylkesbudsjettet

Fylkeskommunen sin visjon er å vere nyskapande og berekraftig.

Planlagde utsleppskutt som følgje av nye ferjeanbod vil halvere utsleppa innan 2022. Klimabudsjettet synleggjer og legg grunnlag for interne prioriteringar, styring og oppfølging av aktuelle tiltak. Målet er å stimulere til eit ytterlegare taktskifte i klima- og miljøarbeidet i Vestland.