Tilskot til plastrydding

Vestland fylkeskommune lyser i 2024 ut 750 000 kr til plastrydding og til førebygging av unødig bruk av plast og spreiing av plast i Vestland.

«Det er viktig for oss at pengane går til både fysisk rydding og til haldningsarbeid slik at det blir mindre å rydde i framtida. Vi ønskjer oss tiltak som engasjerer flest mogleg og som hjelper oss å nå målet i plaststrategien, som er ein plastfri natur og eit plastfritt hav i Vestland», seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Fylkeskommunen har vedteke ein plaststrategi der målet er ein plastfri natur og eit plastfritt hav.

Kven kan søke?

Ikkje-kommersielle, frivillige organisasjonar og stiftingar, som legg til rette for plastrydding kan søke tilskot i 2024. Dette betyr at t.d friluftsråda og andre større natur- og miljøorganisasjonar i fylket søke om midlar. Friluftsråda vil igjen kunne hjelpe mindre aksjonar og tiltak i sine område. 

Denne ordninga opnar ikkje for statsstøtte, og foretak kan difor ikkje søkje midlar. Med "foretak" meiner vi her ein aktør som driv økonomisk aktivitet ved å tilby varar og/eller tenester i ein marknad.

Søknadsfrist

12. april 2024

Korleis søker du?

Følg lenka til høgre og søk gjennom regionalforvaltning.no

Søknadar som vert prioriterte

Vi tildeler tilskot etter desse kriteria

  • satsingar som mobiliserer fleire personar/aktørar til deltaking
  • tiltak som høver saman med søkjar sine andre gjeremål slik at det kan bli synergieffekt
  • tiltak i ein berekraftig organisasjon der ein kan lære av sine erfaringar og utvikle arbeidsområdet vidare
  • har kopling til Plaststrategi for Vestland