Tilskot til vilttiltak

Fylkeskommunen er eit viltorgan etter viltlova og skal gje råd og rettleiing til kommunar og regionale organisasjonar.

Aktuelle søkjarar

Målgruppe for ordninga er frivillige organisasjonar, institusjonar, kommunar og einskildpersonar
 

Krav til søknaden 

Søkjar må registrere seg som brukar på Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter.
Rett utfylling i søknadssenteret oppfyller kravet til innhald i søknaden. Om søknaden inneheld fleire prosjekt, må kvart av desse spesifiserast.

Tiltak som kan få tilskot er: 

  • Tilrettelegging for verdiskaping og rekruttering til jakt og fangst 
  • Informasjon om jakt og jaktmoglegheiter 
  • Kartlegging av viltressursane og viltet sine leveområde og viltinteresser i kommunar og regionar 
  • Innarbeiding av viltet sine leveområde og viltinteressar i kommunale planar etter plan- og bygningslova 
  • Oppretting og drift av lokale samarbeidsråd 
  • Deltaking i rettshavarane sitt driftsplanarbeid 
  • Forvaltingsretta forsking og overvaking 

 

Søknader om tilskot til tiltak som inngår som del av eit planmessig arbeid vil bli prioriterte 

Den årlege søknadsfristen er 15. januar. 

Søknad om tilskot skal sendast via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter 

Merk at det er søknadar som gjeld haustbare viltartar, unnateke villrein, grågås og kortnebbgås som skal adresserast til fylkeskommunen.