Søk om utsett av innlandsfisk

Fylkeskommunen har ansvaret for forvaltning av haustbare, ikkje trua bestandar av innlandsfisk i fylket. Utsetting av fisk er forbode, og krev løyve frå Fylkeskommunen.

Krav til søknaden

Fylkeskommunen kan gje løyve til å sette ut innlandsfisk til kultiveringsføremål  dersom arten finst i vassdraget frå før. 
 

Søknaden må innehalde følgjande opplysningar:

  • Kontaktopplysningar til søkar
    Kart over lokaliteten/ane
    Kor fisken skal hentast frå og setjast ut. 
    Art og stamme som skal settast ut 
    Tal fisk som skal settast ut og stadium  (egg/ årsyngel/ fleirårig yngel/ vaksen fisk)
    Kor tid fisken skal setjast ut (månad,  over eit år / fleire år)
    Skildring av naturmangfaldet i vassdraget, gyte- og oppvekstforhold i lokaliteten, om det er fisk i lokaliteten i dag og om det er sett ut fisk tidlegare