Søk om løyve til jakt på kystsel

Vestland fylkeskommune gjev kvart år løyve til å felle sel. Talet på jaktbar sel vil kunne variere frå år til år og mellom artane. Jegerar har til ei kvar tid plikt til å halde seg oppdatert på om det er att dyr på kvota, ved å sjekke her på sida.

Korleis søke om løyve

Du må ha avlagt godkjend skyteprøve for storvilt før du søker om fellingsløyve på sel. Om du hadde fellingsløyve på sel førre år, er det ein føresetnad at du har levert fangstrapport før du kan få nytt løyve. Søknadsskjema og fangstrapport finn du her på sida. Om du skal jakte frå tørt land, treng du i tillegg løyve frå grunneigar.

Om du feller sel, skal dette straks meldast til fylkeskommunen. Dersom den samla kvoten vert fylt, vil fylkeskommunen stogge jakta på den aktuelle arten og sende melding om dette til alle som har fått løyve til å jakte kystsel i Vestland.

Artar det kan jaktast på

Steinkobbe Jakta er avslutta for 2021

Vestland blir kvart år tildelt ein kvote på steinkobbar frå området frå Gulen til Stad. Kvar jeger kan bli tildelt ein maksimalkvote på steinkobbar for å sikre at samla kvote ikkje vert overskriden. Jaktløyve for steinkobbe kan tildelast i periodane:

  • 2. januar–30. april 
  • 1. august–30. september

Det er forbode å drive jakt på steinkobbe i Indre Sognefjorden med sidefjordar, sjå skravert område i kart under. Det er også forbode å drive jakt på steinkobbe i heile området som utgjorde Hordaland fylkeskommune.

Havert

Området Lista til Stad har ein samla kvote på havert. Jaktløyve kan tildelast i perioden 1. februar–30. september.

Grønlandssel

Dei som har løyve til å drive jakt på kystsel, kan drive fri jakt på grønlandssel langs norskekysten. Jaktløyve kan tildelast i perioden 2. januar–30. september.

Søknadsskjema

Søknad om jakt for 2022, opnar etter 1. desember 2021.

Send søknad

Fangstrapport

Frist for å sende inn fagstrapport er 15. oktober

Send inn fangstrapport