Flunkande nye trolleybussar til Bergen

– Dette er bra for Bergen, seier ein oppglødd fylkesordførar Jon Askeland etter å ha vore med på den aller første prøveturen med dei flunkande nye trolleybussane. For første gong i Noreg blir bussar, som både er heilelektriske og som ladar undervegs, tekne i bruk.

FØRSTE GONG I NOREG: På prøvetur over Bryggen, ein flunkande ny trolleybuss som kan køyre kvar som helst fordi den går både på straum frå køyreleidning og oppladbare batteri.
FØRSTE GONG I NOREG: På prøvetur over Bryggen, ein flunkande ny trolleybuss som kan køyre kvar som helst fordi den går både på straum frå køyreleidning og oppladbare batteri.

Trolleybusslinja i Bergen blir ikkje berre oppgradert, men og utvida til å bli ein pendellinje mellom Birkelundstoppen, Haukeland universitetssjukehus, Bergen sentrum og Lyngbø på Laksevåg.

Aldri før har ein trolleybuss passert Fløibanen og aldri før har Bergen hatt ein buss som går både på straum og batteri. Fylkesordførar Jon Askeland og byråd for byutvikling, Thor Haakon Bakke, er svært nøgde med dei nye bussane på den første prøveturen gjennom Bergen sentrum.

Styrkar tenestetilbodet

– Vi har gått i bresjen for miljøvennleg transport både på land og til sjøs. Dei nye trolleybussane er utsleppsfrie og støysvake. Vi får ei effektiv pendelrute langs ei linje med tett busetnad og mange arbeidsplassar. Vi styrkar tenestetilbodet vårt med høg frekvens, stor kapasitet og nye, moderne bussar. I tillegg vil utsleppa gå ned, og vi får betre lokal luftkvalitet, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Dei nye trolleybussane får straum frå køyreleidningar som før, men har i tillegg batteri slik at dei og kan køyre strekningar utan køyreleidning. Bussane har to oppladbare batteri med ei rekkevidde på minst 11 kilometer. Batteria blir lada under køyring. I tillegg har dei plug-in lading på depotet på Mannsverk.

Dei nye trolleybussane har 44 sitjeplassar og 88 ståplassar. Med på første prøvetur i Bergen var direktør i Skyss, Målfrid Vik Sønstabø (f.v.), adm. direktør i Keolis, som eig og skal drifte bussane, Gry Miriam Olsen, Sverre Skaar direktør i Solaris Norge, som har levert bussane (ståande i midtgangen), fylkesordførar Jon Askeland og byråd Thor Haakon Bakke.

Ein betre by

Byråd for byutvikling i Bergen, Thor Haakon Bakke, helsar og dei nye trolleybussane velkommen.

– Med dei nye trolleybussane held vi fram elektrifiseringa av kollektivtilbodet i Bergen. Dei gir rett og slett ein betre by. Prosjektet vil gi eit kvalitetsløft for kollektivtilbodet som svarar godt til planane for byutvikling på Laksevåg, seier Bakke.

Dei fire første, nye trolleybussane er framme i Bergen. Det kjem seks til. Dei 10 bussane skal inn i rutetrafikk frå 1. desember.
Dei fire første, nye trolleybussane er framme i Bergen. Det kjem seks til. Dei 10 bussane skal inn i rutetrafikk frå 1. desember.

På batteri gjennom sentrum

Dei nye trolleybussane skal følgje noverande trasé Bergen sentrum til Birkelundstoppen, men gjennom Bergen sentrum blir linja endra. Den skal gå over Puddefjordsbroen til Lyngbø. Det blir bygt ny køyreleidning på Laksevågsida. Gjennom delar av sentrum og over Puddefjordsbroen skal bussane køyre på batteri.

Adm. direktør Sverre Skaar i Solaris Norge, som har levert bussane, viser korleis barnevogn og rullestol skal bli sikra under transport. Olufbøylen kan svingast inn og ut etter behov.
Adm. direktør Sverre Skaar i Solaris Norge, som har levert bussane, viser korleis barnevogn og rullestol skal bli sikra under transport. Olufbøylen kan svingast inn og ut etter behov.

Kontinuerleg pendelrute

Dei nye trolleybussane blir svært driftssikre. Lading under køyring inneber at det ikkje er nødvendig å bygge ladeinfrastruktur på endehaldeplassane på Birkelundstoppen og Lyngbø. Dette sparar både areal og ressursar og gjer at bussane kan køyre ein kontinuerleg pendelrute utan ekstra stopp for å lade. Bussane er 18 meter lange, har 44 sitjeplassar, 88 ståplassar og eige tilpassa areal for barnevogn og rullestol med trygg sikring.

Bussen får straum frå trolleystengene på toppen av bussen. Dei koplar seg automatisk til og frå køyreleidning. I tillegg til straum til å køyre bussen, leverer trolleystengene straum til lading av batteria.

Ny infrastruktur

Arbeidet med å legge til rette for dei nye trolleybussane er i gang. På Laksevåg blir det bygt infrastruktur slik at bussane kan køyre på straum.

Forseinkingar med arbeidet i Olav Kyrres gate endrar starttidspunkt for den nye pendelruta. Planen var å starte 1. desember i år. Men inntil Olav Kyrres gate er ferdig, vil dei nye trolleybussane køyre noverande trase mellom Birkelundstoppen og Strandkaien.

Dei oppladbare batteria er plassert heilt bak i bussen. På venstre side er det plugg-in lading for batteria.
Dei oppladbare batteria er plassert heilt bak i bussen. På venstre side er det plugg-in lading for batteria.

Mannsverk blir heilelektrisk

– Trolleybussane inngår som ein del av den nye busskontrakten for Bergen sentrum, som startar frå 1. desember. Resten av bussparken på Mannsverk blir også heilelektrisk, med 102 elbatteribussar i tillegg til dei 10 trolleybatteribussane. Vi gler oss veldig til å sjå alle desse nye bussane i drift i rutenettet vårt. Vi får store utsleppskutt, og kundane vil oppleve nye, komfortable og ikkje minst stillegåande bussar, seier Målfrid Vik Sønstabø, direktør i Skyss.

Bjørn Atle Emilsen, teknisk leiar i Solaris Norge, som har levert bussane, var sjåfør på den første prøveturen i Bergen.
Bjørn Atle Emilsen, teknisk leiar i Solaris Norge, som har levert bussane, var sjåfør på den første prøveturen i Bergen.

Linje 2 blir linje 6

Dei nye trolleybussane er bygt i Tsjekkia av Solaris. Keolis har vunne anbodet med å drifte trolleybussane og dei nye elbatteribussane i Bergen sentrum. Dei har og drifta av Bybanen. 

Den nye trolleybusslinja vil få linjenummer 6. Linje 2 vil bli overført til Bybanen når den opnar til Fyllingsdalen ved årsskiftet 2022/23.