Dette er karriererettleiing

Treng du nokon å snakka med om vegen din vidare når det gjeld utdanning eller jobb? Då kan karriererettleiing vere noko for deg!

Karriere Vestland tilbyr gratis individuell karriererettleiing til alle vaksne over 19 år som er busett i Vestland fylke. Å ta gode val når det gjeld utdanning og arbeid krev gjerne både refleksjon og informasjon, og vi som jobbar i Karriere Vestland bistår deg gjerne gjennom å være ein nøytral og profesjonell samtalepartnar for deg når du er i ein val-prosess.

Ingen fasitsvar

Vi gir deg ikkje fasitsvar på kva som er «riktig» eller «lurt» for deg. Det er viktig at du tar eigarskap og blir i stand til å ta ditt eige val. Det er trass alt du som skal gjennomføre og leve med valet ditt!

Vi kan:

  •  stille dei gode spørsmåla og guide deg til å sjå moglegheiter du sjølv ikkje ser
  • hjelpe deg med å sortere og rydde i både tankar og val-alternativ
  •  hjelpe deg med å lage ein plan på korleis du skal sette valet ditt ut i live 

    Anten du treng ein kort samtale for å avklare praktiske spørsmål eller om du treng ein større prosess over fleire samtaler, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt.

Video, telefon eller fysisk møte

Du vel sjølv korleis du vil gjennomføre samtalen med oss når du bestiller time. Vi tilbyr karriererettleiing på telefon, på video eller ved å møte opp på ein av dei seks kontorstadene våre.