Tvang ved tannbehandling av barn
Prosjekt
Bruken av tvang er på dagsorden i ei rekke helsetenester, men det er lite tilgjengeleg litteratur om utbreiing og mogelege konsekvensar av bruk av tvang ved barnetannbehandling. Prosjektperiode: 2019-2022
Studien består av tre deler:
- Ei kvalitativ, utforskande studie hos tannlegar i den offentlege tannhelsetenesta. Fokusgruppeintervjua omhandla tannlegane sitt perspektiv på bruk av tvang ved tannbehandling av barn.
- Ei elektronisk spørjeundersøking om erfaringar pasientar har med behandlinga dei har fått i tannhelsetenesta.
- Ei samanliknande studie kor journalar for 17 år gamle pasientar som rapporterer erfaring med tvang under tannbehandling og 17 år gamle pasientar som ikkje har opplevd tvang vert samanlikna.
Prosjektleiar og prosjektmedarbeidarar
- Prosjektleiar: Pedodontist/PhD Maren Lillehaug Agdal, TkVestland
- Prosjektmedarbeidarar:
Tannlege/PhD kandidat Regina Skavhellen Aarvik, TkVestland og Universitetet i Oslo Førsteamanuensis Edel Jannecke Svendsen, Universitetet i Oslo
Eksterne organisasjonar
Studien er eit samarbeid mellom Tannhelsetenesta kompetansesenter Vestland og Institutt for helse og samfunn ved Universitetet i Oslo.
Publikasjonar