Klage på standpunktkarakter og karakter i orden og åtferd

Om du er elev i vidaregåande skule kan du klage på standpunktkarakter. Elevar på vg3 som klagar før 21. juni, vil få svar på klagen innan 1. juli.

Kva du kan klage på

Du kan klage på alle standpunktkarakterar dersom du meiner at reglane for å fastsette standpunkt ikkje er følgde. Du kan også klage på vedtak om å ikkje fastsette standpunktkarakter, såkalla Ikkje vurdering (IV) og karakter i orden og åtferd. Du kan ikkje klage på undervegsvurdering.

Resultatet av klagen kan òg bli ein dårlegare enn den du hadde frå før. Det er difor lurt at du tenkjer deg godt om før du klagar.

Klagefrist

Klagefristen er 10 dagar frå du fekk vedtak om standpunktkarakter.

Hurtigklagefrist for elevar på vg3

For elevar på vg3 er det ein hurtigklagefrist sundag 21. juni. Om du vel å bruke hurtigklagefristen, vil klagen bli handsama før ettersendingsfristen til Samordna opptak.

Du har rett på grunngjeving før du klager

Vi tilrår du ber om grunngjeving før du bestemmer deg for å klage. Ta kontakt med skulen din. Når du ber om grunngjeving, blir den nye klagefristen 10 dagar etter at du fekk grunngjevinga.

Slik klagar du

Du skal bruke klageskjemaet som du finn på denne sida. Klageskjemaet vil vere klart 12. juni. Om du er under 18 år kan foreldre eller andre føresette klage for deg. I klagen må du grunngje skriftleg kva du meiner er feil og kva for reglar du meiner ikkje er følgte.

Om du er elev på ein friskule, må du ta kontakt med skulen din for å få informasjon om korleis du kan klage.

Slik blir klagen din behandla

Både faglæraren din og rektor skal skrive uttaler om klagen din. Om klagen din gjeld orden og åtferd er det kontaktlæraren din som skal skrive uttale. Uttalane blir sendt saman med klagen til ei klagenemnd. Du får kopi av alt som blir sendt til klagenemnda.

Når får du svar på klagen

Alle vg3-elevar som klagar innan 21. juni, vil få svar på klagen før 1. juli. Alle andre får svar i august.

Kva utfallet av klagen kan bli

Klagenemnda skal ikkje ta stilling til om du har fått rett karakter eller ikkje, men vurdere om retningslinjene vart følgde då skulen fastsette karakteren.Klagenemnda kan kome til ulike resultat:

  • Ikkje medhald: Klagenemnda meiner at det vedtaket om standpunktkarakter er fatta på riktig måte
  • Oppheve: Klagenemnda meiner at det har skjedd sakshandsamingsfeil og opphevar standpunktvedtaket som skulen har fatta. Klagen blir sendt tilbake til skulen din som fattar nytt vedtak om standpunktkarater. 

Vedtaket til klagenemnda er endeleg og du kan ikkje klage på det. Dersom klagenemnda meiner at vilkåra for å klage ikkje er til stades, kan nemnda avvise klagen din og fatte eit avvisingsvedtak. I saker som gjeld klage på orden og åtferd, er det klagenemnda som fastset endeleg karakter.

Nytt vedtak om standpunktkarakter

Når klagenemnda har oppheva vedtaket om standpunktkarakter, skal skulen fatt eit nytt vedtak om standpunktkarakter. Det kan vere:

  • Same karakter som før
  • Ein betre karakter
  • Ein dårlegare karakter
  • Ikkje vurdering (IV)

Skulen skal grunngje de nye vedtaket. Dette vedtaket er endeleg og du kan ikkje klage å det. Den nye standpunktkarakteren blir ført på vitnemålet ditt.