Høyring: Planprogram – Regional plan for næringsutvikling og innovasjon Vestland

Kva slags langsiktig retning skal arbeidet med innovasjon og næringsutvikling ta i Vestland? Planprogrammet er no ute på høyring med frist 20. august 2020.

Korleis møter vi best utfordringane og utviklingsmoglegheiter vi har? Kva slags prioriteringar skal vi legge til grunn for regional satsing på innovasjon og næringsutvikling? Det er nokre av dei viktige spørsmåla som planprogrammet for Regional plan for innovasjon og næring for Vestland peikar på. 

Fylkeskommunen vil arbeide for ei nyskapande og berekraftig næringsutvikling i Vestland. Vi skal setje retning, engasjere og arbeide saman for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta fylke.

«Regional plan for innovasjon og næringsutvikling» er ei av dei prioriterte planoppgåvene som høyringsutkastet til Vestland sin regionale planstrategi peikar på, «Utviklingsplan for Vestland 2020-2024».

Kva er eit planprogram?

Før vi kan ta til å jobbe med sjølve planen, Regional plan for innovasjon og næringsutvikling, skal det utarbeidast eit planprogram. Dette skal gje føringar for planarbeidet. Det vil mellom anna seie føringar i form av overordna mål for arbeidet, kva tema ein skal vektleggje, korleis sikre medverknad og organisere arbeidet.

Planprogrammet har desse viktige føremåla:

  • Avgrense val av plantema
  • Sikre opplegg for medverknad i planarbeidet
  • Avklare trong for utgreiingar

Val av plantema

Planprogrammet vert brukt til å velje plantema. Innovasjon og næringsutvikling er eit vidt tematisk arbeidsfelt. Målet er å bli meir handlings- og resultatorienterte ved å avgrense planoppgåva. Etter at vi har valt plantema, ligg det til rette for at personar og faginstansar med spesialinnsikt kan medverke i planarbeidet.

Val av plantema er basert på eit breitt analysearbeid. Vi har basert oss på eksisterande analysar og grunnlagsmateriale, supplert med kunnskapen og erfaringane til deltakarane i Næringsforum Vestland og planforum 28. april 2020.

Kva ønsker vi dykkar syn på?

Vi ønsker at høyringsinstansane gir sine synspunkt på:

  • val av plantema
  • problemstillingar som er viktige innan dei føreslegne plantema
  • medverknad i planarbeidet
  • utfordringar på kort og lengre sikt knytta til korona-pandemien
  • anna som vert vurdert som viktige innspel i planarbeidet

Send inn merknad

Vi oppmodar alle som er interesserte i framtida til fylket vårt til å sende merknad til planprogrammet, anten det er kommunar, næringsliv, lag- og organisasjonar eller privatpersonar innan 20. august 2020.

 

I høyringsutkastet til Vestland sin regionale planstrategi - «Utviklingsplan for Vestland 2020-2024» - er det meldt inn behov for ein «Regional plan for innovasjon og næringsutvikling». Planen er såleis ei av dei prioriterte planoppgåvene som det skal samarbeidast om i fylket.

Planutvalet legg til grunn at utviklingsplanen og vektlegginga av FN sine berekraftmål skal bidra til å styrke nærings- og folketalsutviklinga i fylket. Regional plan for innovasjon og næringsutvikling skal også medverke til ei berekraftig samfunnsutvikling. Dette inneber at vekst og verdiskaping skjer innanfor forsvarlege rammer og sikrar viktige miljø- og naturverdiar.

Det trengs regional samordning for å stimulere til verdiskaping, fleire gründerar, vekstkraftige bedrifter og innovative næringsmiljø. Føremålet er å auke auke omstillingsevne og bidra til det «grøne skiftet» i næringslivet. Den regionale planen skal formulere mål og strategiar for innovasjon og næringsutvikling i Vestland.

Samstundes må vi på kort sikt , i alle fall dei nærmaste åra, prioritere å handtere konsekvensane av korona-pandemien. Vi må kontinuerleg vurdere kunnskapsbehovet for å kunne møte dei utfordringane ein til ei kvar tid står overfor.

Planen skal avspegle dei politiske prioriteringane gjort av fylkeskommunen i samarbeid med partnarskapen, der mellom anna i Næringsforum Vestland vil vere ein sentral møteplass. Sentrale aktørar i partnarskapen er Innovasjon Noreg Vestland, Fylkesmannen i Vestland, Fiskeridirektoratet Region Vest, NAV Vestland, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, NHO Vestlandet, LO-sekretariatet i Vestland, KS Vestland, Bergen kommune og den regionale representanten for Noregs forskingsråd.

Frå fylkeskommunen deltek fylkesdirektør for Innovasjon og næringsutvikling, som også leiar næringsforumet.

Både regional og nasjonale politikk løfter fram dei 17 berekraftsmåla til FN som grunnlag for samfunnsutvikling og planlegging.

Berekraftsmåla er verdssamfunnet sin felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Desse er tatt med i arbeidet med ein utviklingsplan for Vestland fylke der den skal syne kva lokale moglegheiter dei globale berekraftsmåla kan gje oss.

Utviklingsplanen spissar dette i fire ulike målformuleringar som relaterer seg til ulike berekraftmål:

  • Mål 1: Vestland som det leiande verdiskapingsfylket og nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg
  • Mål 2: Klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling
  • Mål 3: Lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv i heile Vestland
  • Mål 4: Like mogelegheiter til å delta i verdiskaping

Under kvart mål er det utvikla fleire strategiar som skal bidra til at vi når måla.

Desse måla påverkar saman med eit breitt kunnskapsgrunnlag kva plantema som er fremma i høyringsutkastet til planprogrammet for innovasjon og næringsutvikling.

Planprogrammet peiker på fire plantema som både er kopla til FN sine berekraftsmål og til målforumleringar i utkastet til utvikingsplan for Vestland.

Regional plan skal i tråd med utviklingsplanen legge stor vekt på fornying for å møte framtida. Tre spørsmål er sentrale i planprogrammet og planprosessen:

  • korleis skal planen legge til rette for at vi kan ta i bruka heile Vestland
  • korleis ivareta viktige basisnæringar og leggje til rette for nye næringar med vekstpotensial
  • korleis utvikle berekraftige og smarte byar og lokalsamfunn

Det er også viktig å finne ein god balanse mellom korleis ein skal løyse kortsiktige utfordringar, samstundes som det vert peika på strategisk innsats på lengre sikt. Langsiktig tenking er ein føresetnad for:

  • å byggje opp kunnskapsinfrastruktur i form av forskingsmiljø og undervisningstilbod 
  • å forvalte naturressursane og å balansere bruk og vern

Evna til å snu seg rundt vert også viktigare fordi:

  • løysingar vert brått avleggs på grunn av teknologiutvikling
  • verdsøkonomien kan svinge brått

Dei fem berekraftsmåla – nr 8 anstendig arbeid og økonomisk vekst, nr 9 innovasjon og infrastruktur, nr 10 mindre ulikskap, nr 12 ansvarleg forbruk og produksjon og nr 17 samarbeid – er gjennomgåande i alle plantema. I tillegg vil kvart plantema også rette seg inn mot miljømål og sosiale mål.

Dei fire plantemaa

Planprogrammet skissert i dei fire følgjande plantema skal sikre både det langsiktige og evne til å justere kursen når det trengst:

  1. Omstilling og fornying
    1. Vidareutvikle og fornye det vi er gode på
      Omtalar kva vi er gode på, korleis ivareta viktige basisnæringar og legge til rette for verksemder med vekstpotensial. Under dette plantemaet blir det spesielt viktig å finne ut korleis ein no framover skal handtere konsekvensane av Korona-pandemien. Det må utarbeidast eigne kunnskapsgrunnlag no og undervegs, eigne strategiar og handlingsprogram for dette arbeidet
    2. Smart spesialisering som metode for innovasjon og næringsutvikling
      Omhandlar smart spesialisering. Prioritering av innsatsen mot å finne dei nye og framtidsretta forretningsområda der dei sterke miljøa våre kan ta konkurranseposisjonar.

  2. Bergen som motor for innovasjon og næringsutvikling i sampel med resten av Vestland
    Plantemaet har som føremål å legge eit grunnlag for å utvikle god dynamikk mellom Bergen og resten av fylket når det gjeld innovasjon og næringsutvikling. Andre regionale senter vil også spele ei rolle her. Eit godt samspel mellom senter og omland på alle nivå er viktig for å kunne ta heile fylket i bruk.

  3. Innovative samfunn og like høve til å delta i verdiskaping
    Det er viktig å ivareta den sosiale dimensjonen i ein regional plan for innovasjon og næringsutvikling. Ikkje minst fordi innovasjon og næringsutvikling  skal bidra til og bygge opp under samfunnsutviklinga og såleis kan vere med på å ivareta mangfaldet og motverke utanforskap.

  4. Arealbruk: Regional plan for innovasjon og næringsutvikling skal vere med på å utvikle retningslinjer for ei langsiktig og balansert utnytting av natur- og arealressursar Vestland. Dette gjeld både areal på land og dei landnære sjøareala. Gode kartleggingar av areal, verktøy for ei heilskapleg arealbruk og samordning mot andre planar er sentralt.

Vestland fylke er no etablert. Saman skal vi skape eit fylke som er framtidsretta, samstundes som vi tek vare på historia. Eit nytt fylke betyr ein ny geografi med nye grenser og ein ny identitet. Det blir fleire innbyggjarar og eit større areal. Avstandane aukar. Kva som er sentrum og periferi vert utfordra. For å forstå det nye fylket, regionane og lokalsamfunna er det viktig å bringe fram oppdatert kunnskap

Det samla innbyggartalet for Vestland var 632 769 per 1.1.2018. Folk er busett i kyststroka, langs djupe fjordar, i indre dalstrok og på øyar i havgapet, men over tid bur fleire sentralt og færre ruralt.

Etter ny kommuneinndeling har det nye fylket 43 kommunar.  28 av desse har hatt vekst i folketal dei siste fem åra. Veksten har vore størst i omlandskommunane rundt Bergen, i nokre av kystkommunane i Sunnhordland og i Sogndal. Det har vore nedgang i folketalet i Hardanger med Kvinnherad, i Vaksdal/ Modalen og i kommunane på nordsida ytst, og langs sørsida inst i Sognefjorden.

Det blir i grunnlagsmaterialet peikt på fem basisnæringar på Vestlandet som har eit stort vekstpotensial i møte med  grøn omstilling og dei endringar dette medfører globalt, nasjonalt og regionalt. Dette er sjømatnæringa, maritim næring, prosessindustrien, fornybar energi og reiseliv. Landbruk er også ei viktig næring for Vestland, ikkje minst for distriktskommunane. Næringa har store positive ringverknadar for mange område, som t.d. reiseliv og ivaretaking av kulturlandskap.

Utfordringar for fylket og regionane

Rapporten «Vestland – utfordringar for fylket og regionane» peikar på 10 hovudutfordringar. 

  1. Klimaomstilling
  2. Balansert areal- og naturressursbruk
  3. Gode transportsamband og smart mobilitet
  4. Grøn konkurransekraft
  5. Digitalisering av samfunnet
  6. Relevant kompetanse og kunnskap
  7. Attraktive stader og gode nærmiljø
  8. Eit fornyande, profesjonelt og frivillig kulturliv
  9. Eit likeverdig samfunn
  10. Ungdom – trivsel og tilhøyre

 

Den sosiale dimensjonen er viktig for å:

  • gje like moglegheiter til å delta i verdiskaping,
  • legge til rette for integrering av flyktningar i samfunn og arbeidsliv og
  • følgje opp arbeidsinnvandrarar.

Som kunnskapsgrunnlag for innretning og plantema så støttar vi oss på fylgjande rapportar og dokument. Det må i det vidare arbeidet utarbeidast eit samla kunnskapsgrunnlag som trekkjer saman trådane frå eksisterande og kommande analysar.

Rapportar og dokument

Fylkeskommunen vil arrangere ulike digitale medverknadsmøte i høyringsperioden. Det første møtet finn stad 13. august og er ope for alle.

På medverknadsmøta inviterer vi inn sentrale samfunnsaktørar til å gje sine kommentar til planprogrammet.

Det blir to høyringsrundar. I tillegg til denne høyringsrunden for planprogrammet blir det også høyring for utkastet til sjølve planen.

Politisk handsaming

  • Planprogrammet skal vedtakast i fylkesutvalet den 17. september.
  • Utkast til Regional plan for innovasjon og næringsutvikling skal leggast ut på høyring etter møtet i fylkesutvalet den 25.november 2020.
  • Endeleg plan skal etter høyringsperioden vedtakast i fylkestinget våren 2021