Høyring: planprogram regional plan kultur, idrett og friluftsliv

Vestland fylkeskommune skal vedta ny regional plan for kultur, idrett og friluftsliv 2023–2035. Utkastet til planprogrammet er no lagt ut til høyring, og vi inviterer alle til å komme med høyringsinnspel innan 20. april

Planprogrammet er "planen for planen". Det skal gjere greie for føremålet med planarbeidet, planprosessen, opplegg for medverknad, kva tema som skal utdjupast i endeleg plan og behov for utgreiingar.

Det er i denne fasen vi får på plass temaa som skal utdjupast i den endelege planen. No er difor tida for å melde seg på for å påverke regional plan for kultur, idrett og friluftsliv.

Fire sentrale tema i vidare arbeid med planen

Planen skal vere både ein langsiktig plan for utviklinga av kulturfeltet i heile Vestland fylke, og han skal syne korleis feltet kan bidra i samfunnsutviklinga.

Plantema er område som vi skal arbeide med dei neste 12 åra. Det er difor viktig at dei er overordna, samtidig som dei er relevante for alle aktørane i heile planperioden. Dei skal gir rom for konkret handling og utforming av dei felles satsingane dei neste åra. Måla i utviklingsplanen styrer også prioriteringane i arbeidet vidare. 

Difor har vi foreslått fire sentrale plantema for regional plan for kultur, idrett og friluftsliv:

  • Vestland som ein leiande kulturregion
  • eit berekraftig kulturliv
  • deltaking, medborgarskap og mangfald
  • kulturell verdiskaping

Heile kulturfeltet vert invitert til å utvikle innhald, utfordringar og handlingar som kan løfte kulturfeltet inn i framtida.

Fylkesutvalet vedtok 3. mars å leggje planprogrammet ut på høyring.

Vi inviterer til tre høyrings-/innspelsmøte for planprogrammet 16. mars. Her orienterer vi om programmet, og deltakarane kan kome med innspel og stille spørsmål.

Møta er inndelte etter målgruppe, men alle kan delta på dei møta dei sjølve ønskjer. Vi legg ut meir informasjon om og påmelding til møta i kalenderen. Lenke kjem. Påmeldingsfristen blir 14. mars.

Program for dagen

Kl. 10.00–12.00: særleg lagt opp for kommunar og statlege organ
Kl. 15.00–17.00: særleg lagt opp for kunst- og kulturlivet, kunst- og kulturinstitusjonar og museum
Kl. 18.00–20.00: særleg lagt opp for frivillig sektor, sivilsamfunnet, idrett og friluftsliv

Planen skal peike ut ei retning for kultursektoren i Vestland, dvs. lage politikk for det breie kulturfeltet. Det er ikkje ein fylkeskommunal plan, men ein plan for alle aktørane i fylket og ein føreset samarbeidPlanen har både ei geografisk (Vestland fylke) og ei tematisk avgrensing (det breie kulturfeltet). Planen har eit tolvårig perspektiv. 

Ein regional plan skal vere ein overordna plan, som skal fange viktige samfunnsutfordringar, sette strategisk retning, og syne korleis kultur, idrett og friluftsliv kan bidra i samfunnsutviklinga. Han skal også plassere ansvar og mobilisere for samhandling om gjennomføring.

Meir om arbeidet med regional plan for kultur, idrett og friluftsliv.