Forslag til ny tenestestruktur for tannhelsetenesta er lagt ut på høyring

Korleis skal vi koordinere og samordne tannhelsetenesta slik at vi sikrar tilgjengelege og rettferdige tenester for innbyggjarar i heile fylket?

Tannlege og pasient.
TANNHELSE: Forslag til ny tenestestruktur for den offentlege tannhelsetenesta i Vestland er no lagt ut til offentleg høyring. (Foto: Magne Sandnes/Vestland fylkeskommune)

Dette er noko av det Vestland fylkeskommune ønskjer innspel på når forslag til ny tenestestruktur for den offentlege tannhelsetenesta no er lagt ut til offentleg høyring. Fristen for å kome med høyringsinnspel er 2. desember 2025.

Framtidsretta og berekraftig

Den nye tenestestrukturen legg opp til ei justering av dagens klinikkstruktur i to trinn fram mot 2036. Dei største endringane kjem i trinn 2, men heile planen med alle justeringar er lagt ut på høyring.

– Målet med saka er å sikre ei framtidsretta, berekraftig og fleksibel offentleg tannhelseteneste for innbyggjarane i heile Vestland. Vi må kunne rekruttere godt kvalifisert tannhelsepersonell, og gje eit best mogleg tilbod til pasientane i moderne klinikkar. Difor legg vi forslaget frå fylkesdirektør ut på høyring. Målet er å få mange innspel, før endeleg politisk handsaming av saka, seier fylkesvaraordførar Stian Davies, som leia møtet i fylkesutvalet 21. oktober.

Fylkesutvalet har no lagt fylkesdirektør sitt forslag ut på høyring, før politisk handsaming.

Frå mange små til færre større klinikkar

Fylkestinget vedtok i oktober 2024 temaplan for tannhelsetenesta, og det er denne som er fundamentet i og set strategisk retning for tenesta i åra framover. Utifrå temaplanen er det laga ein tiltaksplan, der eitt av tiltaka er å lage ein ny tenestestruktur, inkludert klinikkstrukturplan.

Hovudelementa i ny tenestestruktur er å

  • gå over frå mange små til færre og større klinikkar
  • sikre god leiing, samordning og koordinering av tenestene
  • følgje opp krav til klinikkstandard – «Vestlandsklinikken»
  • utvide opningstider ved enkelte tannklinikkar
  • sikre tilgjengelege og rettferdig fordelte tenester i heile fylket

Fleire utfordringar framover

Tannhelsetenesta står overfor fleire utfordringar i åra som kjem. Desse er identifiserte i temaplanen. Utfordringane går blant anna på at det blir fleire ressurskrevjande og prioriterte pasientar og for lite og skeivt fordelt tannhelsepersonell. I tillegg er det stor variasjon når det gjeld størrelse, standard og drift på klinikkane, og også auka krav til forsking og kunnskapsbasert praksis.

– Det er viktig at vi sikrar eit godt og rettferdig tilbod for alle innbyggjarane i Vestland. Derfor går vi breitt ut for å få gode innspel. No håpar vi kommunane, brukar- og interesseorganisasjonar, foreiningar og andre engasjerer seg, slik at vi saman får på plass ein god ny tenestestruktur, seier fylkesvaraordføraren.

Høyringsfrist: 2. desember

Meir informasjon om høyringa, høyringsdokument og lenke til skjema for høyringsinnspel finn de på denne sida.