Orienterte om forslaget til framtidig tilbodsstruktur ved dei vidaregåande skulane
Hovudutval for opplæring og kompetanse gjer vedtak i saka først i nytt møte 11. september.
Hovudutval for opplæring og kompetanse og yrkesopplæringsnemnda hadde eit felles orienteringsmøte i auditoriet til Laksevåg og Bergen vidaregåande skule 28. august. Ei av sakene det vart orientert om, er saka om heilskapleg plan for tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring.
Endeleg vedtak i oktober
Fylkesdirektøren har no lagt fram sitt forslag til heilskapleg plan, og fylkestinget skal gjere endeleg vedtak i saka i møtet 1. og 2. oktober. Men først skal både yrkesopplæringsnemnda, hovudutvalet og fylkesutvalet behandle saka og kome med sine tilrådingar.
– Dette er ei sak som krev og fortener ei grundig behandling. Difor ønskjer vi å bruke meir tid. I dag har vi fått gode orienteringar og fått stille spørsmål, slik at vi er godt i gang, seier Åsmund Berthelsen, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.
Spørsmål og svar
Forslaget som no er lagt fram er justert etter ein høyringsrunde i vår. Der kom det inn om lag 700 høyringsinnspel.
I møtet 28. august orienterte administrasjonen i fylkeskommunen om det framlagde forslaget. Blant anna vart det synt til kva som skil dette forslaget frå forslaget som var ute til høyring. Medlemmane i både hovudutvalet og yrkesopplæringsnemnda fekk også høve til å stille spørsmål til både direktørane for både opplæring og kompetanse og eigedom og utbygging.
Vidare prosess
Saka går vidare til slik politiske behandling:
- Yrkesopplæringsnemnda 3. september
- Hovudutval for opplæring og kompetanse 11. september
- Fylkesutvalet 19. september 2024
- Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 27. september 2024
- Fylkestinget skal vedta saka om tilbodsstrukturen i møtet 1. og 2. oktober 2024
Her er dokument og informasjon
Framlegget til heilskapleg plan for tilbodsstruktur 2025–2035 ligg som vedlegg til PS 48/2024 på saklista til møtet i hovudutval for opplæring og kompetanse 28. august.
Det er laga ei eiga side på vestlandfylke.no om saka om heilskapleg plan for tilbodsstruktur. Her finn du blant anna
- alle høyringsinnspela etter høyringsrunden våren 2024
- oppsummering av høyringsinnspela
- høyringsforslaget
- skriftlege spørsmål frå fylkespolitikarane med svar frå administrasjonen i fylkeskommunen
- informasjon om prosessen
Opptak av møte 28. august
Her kan du sjå det felles orienteringsmøtet i opptak.
Her kan du sjå opptak av møtet i hovudutval for opplæring og kompetanse.