Høyring: Korleis skal skuletilbodet i Vestland vere?

Det skal vedtakast ein heilskapleg plan for tilbodsstruktur for vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune. Denne planen skal no ut på høyring.

Fylkesutvalet vedtok 4. april å sende høyringsforslaget for heilskapleg plan tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring på offentleg høyring med svarfrist 20. mai.

Kvifor skal det lagast ein ny tilbodsstruktur?

Hordaland og Sogn og Fjordane gjekk inn i Vestland med kvar sine skulebruksplanar. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013–2024 og skulebruksplan 2012-25 Hordaland fylkeskommune, med rullering av skulebruksplanen 2017–2030. 

Sidan desse planane vart utarbeidde, har det skjedd mykje og fleire endringar kjem i åra framover. Blant anna har elevtalsutviklinga vore lågare enn forventa, det kjem ny opplæringslov frå 1. august 2024 og ein ser endringar i kompetansebehov, den demografiske utviklinga og det grøne skiftet. 

Det er difor ønskeleg med ein samla plan for Vestland, og fylkesutvalet gav 4. januar i år fylkesdirektøren mandat til å lage ein ny heilskapleg plan for tilbodsstruktur i Vestland. Sidan då har ei arbeidsgruppe jobba med eit utkast til slik plan, og det er dette som no blir lagt ut til offentleg høyring.

Kven kan komme med innspel?

Både privatpersonar og organisasjonar kan svare på høyringa. Høyringa er offentleg og alle innspela vert lagt med i saka. Innspela kan ikkje vere anonyme.

Fristen for høyringa er måndag 20. mai 2024.

Fysiske høyringsmøte i alle regionar

I tida fram til svarfristen for høyringa vil det bli arrangert fysiske høyringsmøte i alle regionar i Vestland fylke. Her blir det mogleg å kome med sine innspel og ha dialog om høyringsforslaget.  

Høyringsmøte

  • Måndag 15. april kl. 18.00: Sunnhordland, Stord vgs.
  • Tysdag 16. april kl. 18.00: Nordhordland, Knarvik vgs.
  • Onsdag 17. april kl. 18.00: Stor-Bergen, Amalie Skram vgs.
  • Måndag 22. april kl. 18.00: Indre Sogn, Sogndal vgs.
  • Torsdag 25. april kl. 18.00: Hardanger og Voss, Voss vgs.
  • Måndag 29. april kl. 18.00: HAFS, Sunnfjord og Sogn, Førde vgs.
  • Tysdag 30. april kl. 18.00: Nordfjord, Eid vgs.

Elevtalsutviklinga i Vestland

Vestland fylkeskommune har i skuleåret 2023–2024 om lag 19 000 elevar med ungdomsrett som har skuleplass ved dei offentlege vidaregåande skulane. Med dagens tilbodsstruktur er det svært mange ledige plassar. Både skuleåret 23/24 og 22/23 var det om lag 2500 ledige plassar. Det vil seie at fylkeskommunen tilbyr for mange elevplassar i fylket i forhold til tal elevar. Som det går fram av figur 1 under vil tal avgangselevar frå 10. klasse verte redusert med om lag 1000 i åra fram mot 2033.

1000 færre avgangselevar i 2033 vil i løpet av tre skuleår svare til om lag 2500 færre elevar i den vidaregåande skulen i 2035, det vil seie 1000 på vg1, 1000 på vg2 og 500 på vg3. Dette kjem i tillegg til dei ledige plassane som allereie eksisterer i dag. Dette vil då føre til ein auke i ledige plassar til 5000 utan endringar i dagens tilbodsstruktur. Med endringar i dette forslaget vil det vere omtrent 4300 ledige plassar.

Graf som syner avgangselevar på 10. trinn i Vestland 2024-2033.
Figur 1: Grafen syner tal avgangselevar på 10. trinn i Vestland 2024-2033.

Tilsvarande viser folketalsframskrivinga frå Statistisk sentralbyrå (hovudmodellen) at det vil vere flest 16–18 åringar i fylket i åra fram til 2027, før det vert ein nedgang mot 2035.

Graf som syner folketalsframskriving for 16- og 18-åringar i Vestland fram til 2037.
Figur 2: Folketalsframskriving for 16- og 18-åringar i Vestland fram til 2037.

Figuren under viser at over 20 prosent av budsjettet til opplæring vil gå til ledige elevplassar når elevtalet går ned viss ein ikkje gjer endringar i tilbodsstrukturen.

Diagram som viser at over 20 prosent av budsjettet til opplæring vil gå til ledige elevplassar når elevtalet går ned viss ein ikkje gjer endringar i tilbodsstrukturen.
Figur 3: Utan endringar vil 20 prosent av budsjettet til opplæring i 2033 vil gå til ledige elevplassar når elevtalet går ned.

Vidare prosess

Det blir utarbeidd eit forslag til tilbodsstruktur etter at høyringsrunden er avslutta. Planen skal handsamast slik:

  • Yrkesopplæringsnemda og hovudutval for opplæring og kompetanse 28. august 2024
  • Vestland ungdomsråd 6. september 2024
  • Fylkesutvalet 19. september 2024
  • Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 27. september 2024
  • Fylkestinget skal vedta tilbodsstruktursaka 1. og 2. oktober 2024