No går startskotet for landslovjubileet i Vestland

Landslova vart laga i Bergen, og i år feirar vi at det er 750 år sidan denne viktige lova for den tidlege statsdanninga i Noreg vart til. Jubileumskomiteen for Vestland presenterte i dag sitt program på historisk grunn i Håkonshallen, der lova til Magnus Lagabøte faktisk vart laga.

Fylkesordførar Jon Askeland på ei scene i Håkonshallen.
HISTORISK GRUNN: Jubileumskomiteen for Vestland er leia av fylkesordførar Jon Askeland, som i dag presenterte jubileumsprogrammet i Vestland på historisk grunn i Håkonshallen, der lova til Magnus Lagabøte faktisk vart laga.  Foto: Helen Daae Frøyseth/Vestland fylkeskommune.

Som einaste stad i Noreg har Bergen fleire kulturminne direkte knytt til Magnus Lagabøte og kongssetet hans. Håkonshallen var kongens representasjonsbygg og Rosenkrantztårnet var bustaden til kong Magnus. I vår noverande Domkyrkje, som den gongen var Olavskyrkja til fransiskanarane, fekk Magnus undervisning, og her vart han gravlagd. Nonneseter kloster fekk ei stor pengegåve frå kong Magnus, slik at dei kunne utvide klosterkyrkja si.  

– Det var her det skjedde, og difor går startskotet for jubileet her i Håkonshallen. I 1274 vart Landslova, den mest moderne i Europa, overlevert her, sa fylkesordførar Jon Askeland frå talarstolen i  Håkonshallen måndag føremiddag. 

Demokrati og rettsamfunn

I mellomalderen var det slett ikkje vanleg å ha landsdekkande lover, og Landslova, som kong Magnus Lagabøte kan ta mykje av æra av, var den tredje av totalt fire riksdekkande lovbøker frå høg- og seinmellomalderen. Då ho var ferdig i 1274 bidrog Landslova til å regulere forhold det var mykje usemje om og gje grupper som ikkje stod så sterkt i samfunnet betre rettsvern. Lova var gjeldande rett til ho vart avløyst av Christian V si norske lov i 1687. 

Av tema jubileet i Vestland ønsker å aktualisere, er korleis demokrati og rettssamfunn kan utsetjast for trugslar og krig, men og utviklast gjennom medborgarskap og inkludering. 

– Dette jubileet er eit høve til å stoppa litt opp og tenkja seg om. Kva har skjedd før oss, og kva kjem etter oss? Korleis vil vi at samfunnet skal formast vidare? Det er heilt sentrale tema å belyse i jubileet, sa Askeland.

Steinhovudet av Magnus Lagabøte.
KONG MAGNUS: Tida etter at Magnus vart einekonge i landet, var bland dei viktigaste åra i Noregs mellomalderhistorie. I kapellet i Rosenkrantztårnet kan du sjå eit steinhovud av Magnus Lagabøte. Dette er ein kopi av originalen i Stavanger domkirke. (Foto: Tove Breistein, Bymuseet i Bergen)

Forskarkonferansar, stor utstilling og tingsamlingar for unge

Arrangementa i Vestland spenner vidt frå fagleg fordjuping gjennom to internasjonale forskarkonferansar der Moster 2024 og Mellomalderklynga ved UiB er arrangørar for kvar sin. Ei stor utstilling på Bryggens Museum med omfattande formidlingsprogram er tyngste satsing i programmet.  

Det vert tingsamlingar for unge på Moster og på Gulatinget der dei på Moster skal kome fram til fem saker som er viktige for ungdom i framtida og som skal overleverast Stortinget, og på Gulatinget skal dei ha demokrati og menneskerettar på dagsorden.   

Det vart i dag lansert ei felles nettside for jubileet i Vestland der du kan lese meir om alle dei planlagde arrangementa og fordjupe deg i artiklar om Magnus Lagabøte og jubileet.

Omfattande arrangement i heile Vestland

I 1274 var sjøvegen og kontakten mellom storbyen Bergen og bygdene langs Vestlandskysten omfattande. Det er difor naturleg at jubileet blir markert i heile Vestland. Ei mengde aktørar har motteke tilskot frå Vestland fylkeskommune og har prosjekt og arrangement i jubileet. For fleire av stadene i fylket vårt er koplinga til landslova tydeleg, som i Sunnfjord med jubileumsprogrammet «Ein gut, ei borg, ei rose, ei lilje»: historia om Audun Hugleiksson frå Ålhus i Jølster som var heilt sentral i arbeidet med landslova. Ved Agatunet i Hardanger blir det utstilling i Lagmannsstova - vårt eldste ivaretekne rettslokale - om korleis Landslova regulerte vanlege folk sitt liv. I tillegg finn ulike kulturarrangement i by og bygd stad gjennom heile 2024, og mange av dei kan du alt no lese om i kalenderen

Pengedryss til arrangement i fylket.

Innhald og program for jubileet i Vestland er forankra i jubileumskomiteen leia av fylkesordførar Jon Askeland.  

Medlemmer elles er: 

  • Reidar Digranes, Byråd for næring, kultur og idrett i Bergen kommune
  • Margareth Hagen, rektor ved UiB
  • Gunnar Yttri, rektor ved HVL
  • Ragnhild Jepsen, biskop Bjørgvin bispedøme
  • Marianne L. Nielsen, Bymuseet i Bergen
  • Elsa Aanensen, dagleg leiar i Moster 2024
  • Nils Erling Yndesdal, kommunaldirektør Statsforvaltaren i Vestland.

Prosjektet er leia av Anna Elisa Tryti, prosjektdirektør Vestland fylkeskommune.

Gruppebilete av partnarar for jubileet oppstilt foran scenen i Håkonshallen.
PARTAR I JUBILEET: Desse var til stades måndag og representerte partnarane for å gje smakebitar av programmet for jubileet i Vestland: Bak frå venstre:  Anna Elisa Tryti, prosjektdirektør Vestland fylkeskommune, domprost Gudmund Waaler, Bjørgvin bispedøme, og  Kjell Kvingedal, miljødirektør Statsforvaltaren.  Midten frå venstre: Tone Ekerhovd, ansvarleg for arrangement og formidling Gulating 2024 og Marianne L. Nielsen, direktør Bymuseet i Bergen  Fremst frå venstre: Elsa Aanensen, dagleg leiar i Moster 2024,  Gunnar Yttri, rektor ved HVL, Reidar Digranes, byråd for næring, kultur og idrett i Bergen kommune, fylkesordførar Jon Askeland og Margareth Hagen, rektor ved UiB.  Foto: Helen Daae Frøyseth/Vestland fylkeskommune.