Søk tilskot til breibandutbygging

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til utbygging av breiband i fylket. Kommunane kan søkje om tilskot til område der det ikkje er kommersielt lønsamt å bygge ut. I 2022 har vi 33 mill. kr. tilgjengeleg for tildeling.

miniatyrfigurer modem og kabler
Foto: Shutterstock

 

Prosjekt som kan få støtte under ordninga er:

Utbygging i område som manglar tilbod om breiband med 30 Mbit/s eller høgare, det vil seie kvite NGA-områder.

Det er krav frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet om at utbygginga skal gje tilbod om breiband med minst 100 Mbit/s nedlastingshastigheit og 10 Mbit/s oppstraums hastigheit. 

Ved prioritering mellom søknadar legg vi vekt på:

  • dekning i dag, og betring av tilbod
  • kostnadseffektiv utbygging, tilskot per hustand og bedrift
  • finansiering frå kommune og andre finansielle bidrag i prosjektet
  • effekt på verdiskaping, lokalsamfunnsutvikling og attraktivitet 

Kritieria er lagt inn under Vilkår for tildeling.  Det er viktig at søknadane svarer på desse punkta for å få uttelling i vurderinga. 

Kommunar i Vestland kan søkje. Fleire kommunar kan gå saman om ein søknad dersom det er naturleg med utbyggingsområde som dekker fleire kommunar.

Søknad skal fyllast ut med informasjon om prosjektet, beskriving av område og dekningsstatus, tal hustandar og bedrifter i området som manglar tilbod om breiband med 30 Mbit/s eller høgare kapasitet, korleis prosjektet skal finansierast, og anna relevant informasjon. Det er eit føremon om de beskriv korleis de er kome fram til kostnadsgrunnlaget. 

Områda som er planlagt utbygd må merkjast av i kartløysinga Fylkesatlas. Denne kartløysinga inneheld også Nkom sine offisielle dekningstal. Sjå eiga brukarrettleiing for dette

Det skal leggast ved adresselister for dei omsøkte områda i excel med tydeleg spesifisert hustandar, bedrifter og fritidsbustader. Då matrikkel ikkje er godt nok oppdatert i alle kommunar, så bør adresselistene vere gjennomgått og kvalitetssikra mot til dømes renovasjonslister. Bruk vedlagt mal. 

Det er obligatorisk for å få handsama søknaden at område er avmerka i kart, og at adresselister følgjer søknaden.

Søknaden skal sendast inn gjennom www.regionalforvaltning.no 

Ved prioritering mellom søknadar legg vi mellom anna lagt vekt på:

  • dekning i dag, og betring av tilbod
  • kostnadseffektiv utbygging; tilskot per hustand og bedrift
  • prosentdel av finansieringa  frå kommunen, og andre finansielle bidrag i prosjektet
  • effekt på verdiskaping, lokalsamfunnsutvikling og attraktivitet

Detaljerte evalueringskriterier finn de her.

Mykje av midlane kjem frå ei rammeløyving frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Departementet har mellom anna lagt til grunn fylgjande vilkår:

• Prosjekta som får støtte skal vera teknologinøytrale. Det vil seia at det ikkje kan stillast krav om t.d. fiberbreiband.
• Breibandstilbodet som vert etablert gjennom ordninga skal ha ein fastpris til sluttbrukar, som er uavhengig av bruken.
• For eventuelle tilbod/løysningar basert på trådlaust nett («FWA») eller mobilnett skal det i tilbodet dokumenterast at løysninga, basert på lokale dekningsanalyser, vil gje stabilt høg kapasitet også ved høg belastning i nettet.
• Prosjekt som mottar tilskot skal etablere eit reelt breibandstilbod til alle hushald og verksemder innanfor det geografiske området det er søkt om støtte til, dvs. 100 prosent dekning innanfor det aktuelle området.
• Støttemidlar skal ikkje brukast til å etablere tilbod til fritidsbustader. Dette er ikkje til hinder for at infrastruktur for hushald eller bedrifter, også kan nyttast for å koble til fritidsbustader. Særkostnadene for å etablere tilknytingar til fritidsbustader skal i så fall skillast ut frå rekneskapen for det offentleg støtta prosjektet.
• Lokale bidrag skal utgjere minst 30 prosent av tilskotssummen som fylkeskommunen får frå departementet. Lokale bidrag består av støtte frå fylke, kommune, private aktørar og eigeninnsats.
• Tilskot skal vera i tråd med gruppeunntaket for breibandstøtte (GBER).
•Prosjekt som får tilskot skal lysast ut samla. Dette blir koordinert av fylkeskommunen. 
• Prosjekt som mottar tilskot skal være gjennomført innan 1. oktober 2024. 

Les meir om ordninga her.

Vi føresett at kommunane sjølve bidrar med midlar i prosjektet. Det er ikkje stilt krav om ein gitt prosentsum frå kommunen. Men del kommunal finansiering vil bli vekta i tildelinga.

Kommunane blir også bedt om å spesifisere anna finansiering, som til dømes private midlar/bidrag frå andre, eller dugnad. Dersom det blir planlagt ein sum frå private utover etableringskostnad skal det spesifiserast. Merk at kommunane garanterer for denne summen. 

Ved lokal dugnadsinnsats skal det nyttast ein timesats på kr 400,-. Graving av grøfter til framføring generelt og på eigen tomt spesielt, blir fastsett etter ein sats på hhv. kr 400,- og kr 200,- pr meter. Dette skal spesifiserast i søknadsskjema.