Kulturformidling i inkluderingsarbeid

Kultur har ein unik eigenverdi som gjer noko med oss. Fylkeskommunen har som mål å gjere kultur tilgjengeleg for alle og er opptatt av å skape mangfald og motarbeide utanforskap.

Formidling

Gjennom tilskotsordningar, utviklings- og prosjektarbeid jobbar vi for at alle skal få ta del i ulike aktivitetar og kulturopplevingar, uansett livshistorie og livssituasjon. Det inneber satsing på betre tilgjenge, integrering og betre samhandling mellom kultur-, oppvekst- og omsorgssektoren.

Døme

Den kulturelle spaserstokken har som mål å betre samarbeid mellom kultur- og omsorgssektoren for å formidle kunst og kultur til eldre menneske som treng tilrettelegging av kulturtilbod.

Ung kultur møtes (UKM) er ein arena for ungdom med eit mangfald av menneske og kulturelle uttrykk.

Flyt er i regi av Kronprinsparets fond eit livsmeistringsprogram for ungdom i overgangen mellom ungdomsskule og vidaregåande, med bruk av kulturelle tiltak for å motarbeide utanforskap.

Alight Musikk for helseretta opplevingsteknologi, utvikla og testa i samarbeid med musikkterapeutar, for eldre med kognitiv svikt eller psykisk plagar. Den velferdsteknologiske appen formidlar digitalt livshistoria til personar med demens med musikk og bilete/video, og bidreg til meiningsfull ansiktstid mellom pasient, pårørande og helsepersonell.

Mangfald og frivilligheit

Vestland fylkeskommune ønskjer å motivere til og støtte eit større mangfald i kulturlivet og frivillige organisasjonar. Vi oppfordrar kvarandre til å vere inkluderande og ha openheit og tillit som mål.

Tilnærmingar til inkluderingsarbeidet til fylkeskommunen

  • Vi arbeider for å ta i vare retten til kulturdeltaking og -opplevingar for alle.
  • Vi utarbeider planar for inkludering i kommunane og i fylkeskommunen.
  • Vi kartlegg verktøya kultursektoren har for å kunne medverke til inkludering
  • Vi kartlegg verktøya helsesektoren har for integrering av kultur i tenestene sine.
  • Vi utviklar og kartlegg kunnskap om korleis vi kan bruke kultur i arbeidet med å inkludere asylsøkjarar, flyktningar, arbeidsinnvandrarar og andre tilflyttarar til fylket.
  • Vi informerer om faglege og politiske tema knytt til helse og inkludering.
  • Vi er fagleg ansvarleg for Kulturfestivalen for utviklingshemma i Førde.
  • Vi tilbyr tverrfaglege kompetansehevande tiltak, som kurs, rettleiing og undervisning.
  • Vi er ein fagleg utviklingsaktør gjennom prosjektarbeid, nettverksbygging og forsking.
  • Vi hjelper med søknadar om tilskot.