Eit hav av moglegheitar

Vi har ansvar for viktige samfunnsoppgåver og jobbar for å utvikle Vestland kvar dag. Det gjer vi i samarbeid med andre offentlege verksemder, lokalt næringsliv, foreiningar, lag og organisasjonar. Og sjølvsagt saman med innbyggarane våre. Målet er å skape eit fylke der det er godt å bu og lett å trivast.

lærer bøyer seg ned over elev og ser på arbeidet hennes
Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Ein jobb hos oss er eit hav av moglegheiter. Om lag 4000 av oss jobbar ved ein av dei 42 vidaregåande skulane våre, og om lag 600 jobbar ved ein av dei 55 tannklinikkane vi har over heile fylket.

I fylkesadministrasjonen er det arbeid innanfor alle interesseområde. Her jobbar om lag 1100 personar.

Vi har administrasjonsstadar i Bergen, på Leikanger og i Førde. 

Stort mangfald

I fylkesadministrasjonen har vi sju avdelingar, og her er det alt frå juristar, teknologar, IKT-utdanna, historikarar, samfunnsvitarar, kommunikasjonsrådgjevarar, økonomar, ingeniørar, arkeologar, psykologar og mykje, mykje meir! 

I alle avdelingar vil du få kollegaer i alle aldrar og i ulike fasar av karrieren sin. Her kan du knyte kontaktar for livet, og det er mange gode moglegheitar for å utvikle karriera di!

Mange har også tett samarbeid med eksterne aktørar og samabeidspartnarar.

Ung i Vestland

Hos oss har vi kvart år ei rekkje sommarjobbar, traineestillingar og lærlingplassar. Vi har òg samarbeid med universitet og høgskular om praksisplassar. 

VIDEO: Sjå filmen "Kven er vestlendingen?" og få eit innblikk i kven er vi. 

Er du nysgjerrig på kva vi gjer i dei ulike avdelingane? 

Avdelinga infrastruktur og veg er ei av dei største avdelingane våre. Vi som jobbar her har mange oppgåver.

gutt med hjelm på sykkel
  • Vi bygger nye og betre fylkesvegar i heile fylket, slik at du kjem deg trygt fram til bygd og by.
  • Vi sikrer trafikantane mot ras og skred.
  • Vi bygger og betrar gang- og sykkelvegar, og vedlikeheld fylkesvegane.

Næring, plan og innovasjon er ei stor og spennande avdeling, der vi er med og definerer framtida til mange aktørar på Vestlandet. Dette er berre noko av det vi gjer:

dame ser i microskop. tekstblokk. lite kjem av seg selv vi støtter forsking
  • Fagfolka våre bidreg med framtidsretta kompetanse slik at Vestland når nullutsleppsmåla innan 2030.
  • Vi støttar næringshagar og gir gründerar starthjelp.
  • Vi legg til rette for at fiskeriressursar, landbruk og reiseliv kan vere drivarar i utviklinga av sterke distrikt.

  • Vi har ein plan! Ja, faktisk fleire. Vi sørger for planar til nytte for fylket, kommunane og innbyggarane i heile Vestland.
  • Kor i fylket er det flest kvinner, og kva for kommune har størst auke i tal innflyttarar? Dette og meir til kan vi lett gi statistikk på. 

Dei som jobbar i denne avdelinga held bokstavleg talt hjula i gang!

mann med ipods står på bussen. tekstblokk: båter, busser og bybanen - du nyt erin podcast på vegen, vi tar oss av resten på kollektivreisa
  • Kvar dag fraktar vi over 220 000 passasjerar med buss, båt og bane, slik at alle kjem seg på jobb, skule, fritidsaktivitetar og besøk.

  • Vi bygger sykkelvegar, så du kjem deg dit du skal.

  • Vi jobber for at taxisjåførar får løyve, og dei som treng det kan få gratis transport gjennom TT-kortordninga.
barn på biblioteket leser bok
  • Vi tek vare på kulturarven, slik at oldebarna dine òg får glede av han. 
  • Vi utviklar folkebiblioteka, så du får glede av bøker, arrangement eller biblioteka som ein møteplass der du bur.
  • Vi formidlar kunst og kultur til barn og unge – for å skape undring og refleksjon.
  • Vi sikrar dokumentarven til innbyggarane i Vestland – inngangen til di, mi og vår historie.
  • Både profesjonelt og frivillig kulturliv skal ha gode kår i Vestland. Vi støttar og bidrar til utvikling!
  • Eit Vestland for alle – vi jobbar for at flyktningar og innvandrarar skal få det bra hos oss.
  • Gode turområde der du bur, nærleik til butikk og kulturopplevingar, møteplassar og tilgang til kollektiv. Alt dette er god folkehelse, og vi jobbar for at Vestland skal ha den aller beste.

imagegumwg.png

  • På produksjonsskulen kan skuleavhopparar få ein ny sjanse til å vise kva dei er gode for.
  • Engasjerte lærlingar får kvart år verdifull opplæring hos bedrifter i heile fylket. Vi har òg eit eige elev- og lærlingombod som stiller opp. 
  • Vaksne som er klare for nye utfordringar kan på senter for vaksenopplæring bli alt frå gartnarar til barne- og ungdomsarbeidarar – på kveldstid.  
  • Ikkje heilt nøgd med karakterane frå vidaregåande? Fortvil ikkje, ta privatisteksamen hos oss.
  • Gjennom Karriere Vestland hjelper vi folk med å jakte på draumejobben.

I denne avdelinga jobbar det alt frå økonomar, juristar, journalistar, grafikarar, HR-rådgjevarar til markantilt tilsette. 

bilde sett overfra, seks personer med pc rundt et bord
  • Vi set æra vår i at alt vi gjer skal vere korrekt, og at vi følgjer rettsreglane. I tillegg må vi òg sjå til at dei vi samhandlar med passar på jussen.
  • Politisk sekretariat har det administrative ansvaret for gjennomføring av dei politiske møta, og syter for at alt går etter boka. Til slutt offentleggjer vi referatet, så du kan følgje med i politikken og ta del i demokratiet.
  • Kommunikasjon er formidling og kontakt med innbyggarane. Vi leverer ferske nyheiter både internt og eksternt.
  • Papirpost, e-post og anna post. Dokumentsenter syter for at fylkeskommunen tek imot, registrerer, fordelar og arkiverer post på ein forsvarleg måte.
  • Skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kontorbygg, kulturbygg, fiskerihamner… Ja, vi bygger og eig rett mykje, og vi driftar og held godt ved like eigedommane til glede for alle.
  • Milliardar av kroner vert innarbeidde i budsjett, og tilsvarande vert ført i rekneskap. Det er mykje å passe på for å få tala til å stemme, og ikkje minst må rekneskapsføringa vere i samsvar med lover og reglar.
  • Vi bidreg til å utvikle 6000 dedikerte og engasjerte tilsette i ein framtidsretta kunnskapsorganisasjon.
  • Vi er rådgjevar, støttespelar og sparringpartnar – og har spisskompetanse på utviklingsarbeid og alt frå Arbeidstid til Årsløn.
To kvinner jobbar ved ein PC
  • Kanskje du trivst best blant robotar og 1'ar og 0'ar? Då er dette avdelinga for deg!
  • Vi finn dei gode løysingane for digitalisering i fylkeskommunen – til glede for både innbyggarar, elevar og tilsette.
nærbilde av tannlege jobber i munnen til ung gutt

 

  • Odontofobi? Slapp av, vi har psykologar som hjelper deg med å bli kvitt tannlegeskrekk.
  • Har du ein spesiell tanndiagnose? Gjennom kompetansesenteret TkVestland tilbyr vi spesialistbehandling for det meste! 
  • Knekt ei tann? Hos tannlegevakten i Bergen kan du få akutthjelp på kveldstid og i helgane.

Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga utøver fylkeskommunen si eigarrolle og tek vare på byggherrefunksjon og prosjektleiing i byggesaker. 

Avdelinga er og ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald, reinhald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar og eigedomstenester. 

Bybanen utbygging er ein prosjektorganisasjon i Vestland fylkeskommune. 

Dei er er ansvarleg for grunnerverv, anskaffingar, prosjektering og utbygging av infrastrukturen til Bybanen i Bergen fram til og med godkjenning av ferdig anlegg