Fakta om Fyllingsdalstunellen
Mange får ein ny kvardag med ny gang- og sykkeltunell. No kan du sykle samanhengande frå Fyllingsdalen til Bergen sentrum på splitter nye sykkelvegar. Her er nokre fakta om tunellen.
Opning
16. april 2023 opna tunellen for gåande og syklande.
Sykkeltunellen blei levert til Vestland fylkeskommune vinteren 2023, som har ansvar for drifta. Det er Bybanen utbygging som har bygd tunellen.
Lengde
2900 meter. Breidda på sykkeltunellen er 6 meter.
Det er eit 3,5 meter breitt sykkelfelt, og 2,5 meter breitt felt for gåande. Det er sykkelfelt i begge retningar og eige felt for gåande.
Tidsbruk
Å sykle vil ta mellom 8-10 minutt gjennom sjølve tunellen. Frå Oasen til Haukeland vil det ta ca. 20 minutt (5,6 km) og frå Festplassen til Oasen ca. 25 minutt (7,8 km).
Tidlegare tok det ca. 42 minutt frå Oasen til Haukeland over Melkeplassen.
Går du gjennom tar det ca. 36 minutt.
Bybanen tar tre minutt med ei gjennomsnittshastigheit på 60 km/t. Tunellen som bybanen går i er atskilt frå gang- og sykkeltunellen, med rømmingsveg i mellom.
Temperatur
Sju grader hele året.
Kurvatur
Svak helling mot Kristianborg (40 moh.). Fyllingsdalen ligger 60 moh. Dette vil ikkje opplevast som ein betydeleg helling.
Opningstid
Tunellen blir nattestengt mellom 23.30 og 05.30. Det er porter i begge ender av tunellen som blir stengt. I kvar port er det ei dør som kan opnast innanfrå.
Kameraovervaking
Det er full kameraovervaking i heile tunellen. Det er også videoovervaking i ved kvar av inngangsportalane.
Naudtelefonar
Kvar 250. meter i tunellen er det naudtelefon. Kvar naudtelefon har også kameraovervaking. Det vil også vere høgtalarar i heile tunellen for å kunne varsle.
Evakuering
Estimert 8-9 minutt frå brannstart til komplett evakuering. Gang- og sykkeltunellen gir også tilkomst til ambulanse og andre kjøretøy for evakuering.