Tilskotordninga - Program for folkehelsearbeid i Vestland

I Program for folkehelsearbeid har kommunar hatt høve om å søkje midlar til tiltaksutvikling for å fremje livskvalitet og psykisk helse i kommunen. Barn og unge (0-24 år) er primærmålgruppe for tiltaksutviklinga, som skal skje i kommunane. Vestland gjennomførte siste opptak hausten 2021.

I 2018 blei tidlegare Hordaland fylkeskommune tildelt 32 millionar over seks år til prosjektet "saman for betre trivsel og livskvalitet for alle barn og unge". Sogn og Fjordane blei våren 2019 tildelt 24 millionar over seks år til prosjektet "Systematisk samarbeid om livsmeistring". Midlane skal tildelast kommunane som tiltakseigar. Midlane skal nyttast til tiltaksutvikling i tråd med nasjonale og fylkeskommunale føringar, og til utviklingsstøtte til FoU-miljø som samarbeider med kommunane.

Vestland fylkeskommune tek atterhald om at fylket vert tilført årlege tilskotsmidlar frå Helsedirektoratet gjennom årlege budsjettvedtak over statsbudsjettet. Det er ikkje eit mål at alle kommunane i fylket skal delta i tilskotsordninga. Det er ønskjeleg både frå nasjonalt nivå og frå fylkeskommunen at kommunane kan samarbeide om utvikling av større prosjekt/satsingar. Dette med tanke på evaluering.

Om tilskotsordninga

Målet med tilskotsordninga er å styrke kommunane sitt arbeid med å fremje befolkninga si helse og livskvalitet, og bidra til:

  • Utvikling av kunnskapsbaserte lokale tiltak, arbeidsmåtar og verkty for å fremje livskvalitet og psykisk helse hjå barn og unge og bidra til rusførebyggjande arbeid i kommunane.
  • Å integrere barn og unge si psykiske helse som ein likeverdig del av det lokale folkehelsearbeidet.
  • Fremje samarbeid: mellom kommunar, FoU-miljø, frivilligheit og ulike samarbeidsaktørar i kommunane

For meir opplysningar sjå programtekst for program for folkehelsearbeid:
Program for folkehelsearbeid i kommunane 2017-2027