foto av vitensenteret/nybygget til Sogndal vgs på Kaupanger
EIN MÅ VILLE: Vilje i alle ledd, er ifølgje prosjektleiaren stikkordet for å byggje eit så klimavenleg og berekraftig bygg som det som no står ferdig på Kaupanger. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Bygget som er ein heil skog

– Kva blir tre pluss tre pluss tre pluss tre pluss tre? spør den ferske førsteklassingen.

Ho svarer sjølv, triumferande: ein heil skog. Men svaret kan også vere nybygget til Sogndal vidaregåande skule på Kaupanger.

Det er nemleg bygd i 90 prosent tre. Konstruksjonen er laga av limtre, massivtre og prefabrikerte veggmodular. Fasaden er i malmfuru med jernvitrolbehandlig.

Denne artikkelen er ein del av klimamagsinet "Den grøne leiartrøya".

foto av innvendige trapper i nybygget til Sogndal vgs på Kaupanger
TRE: Det er solide tretrapper som viser veg oppover i bygget. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

I praksis er det brukt betong berre i fundamentet, og der er det lågkarbonbetong. Det er betong som slepper ut om lag 36 prosent mindre CO2 enn det som er standard i bransjen. Om det hadde blitt bygd for ti år sidan, eller til og med kanskje tre, så kan vi sjå for oss at truleg så mykje som 90 prosent av bygget vore i betong og stål.

Sogndal vidaregåande skule, avd. Kaupanger

  • Sogndal vgs. har undervisning i transport og logistikk, yrkessjåfør og tunge køyretøy på Kaupanger.
  • Om lag halvparten av bygget er leigd ut til vitensenteret ViteMeir.
  • Det er offisiell opning av både bygget og ViteMeir 11. november.

FutureBuild Zero-sertifisert

Det er per i dag krevjande å bygge reelle nullutsleppsbygg, men fullt mogleg, i alle fall i teorien. Det vil alltid vere utslepp, men dersom ein klarer å kompensere utslepp med fornybar energiproduksjon over mange år, så er eit bygg rekna som eit nullutsleppsbygg.

Vestland fylkeskommune sette seg høge klimamål med nybygget til Sogndal vgs., og bygget har sertifiseringa FutureBuilt ZERO. Det er ein «open standard» som alle kan nytte, både for å setje ambisiøse klimamål for byggeprosjekt og for å etterprøve desse gjennom tydelege, vitskapleg funderte og transparente reknereglar.

graf som syner Futurebuilt Zero kriterium og plassering for Vitemeir på Kaupanger.

Det nye bygget til Sogndal vidaregåande skule er markert med grønt symbol og ligg under grafen som syner kriteria til Futurebuilt ZERO. Den oransje grafen er bransjereferansen. Krava til totalt utsleppsnivå blir stramma inn fram mot 2050.

Vilje, vilje, vilje

Men korleis har dei fått til dette på Kaupanger? Korleis har dei kome seg under den blå streken som syner hovudkriteria til FutureBuilt ZERO-sertifiseringa, og som ligg vesentleg under bransjen elles?

foto av Tage Rickard Sundell i nybygget til Sogndal vgs på Kaupanger
ENERGI OG KLIMA: Tage Rickard Sundell er prosjektleiar for nybygget til Sogndal vgs. og har følgt byggeprosessen frå startan. Han er òg fagansvarleg energi og klima i eigedomsavdelinga i Vestland fylkeskommune og er såleis innom alle byggeprosjekta i organisasjonen. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Prosjektleiar og fagansvarleg energi og klima i eigedomsavdelinga i Vestland fylkeskommune, Tage Rickard Sundell, gir seg ikkje ut på ei lang og grundig forklaring, ikkje i første omgang i alle fall. Svaret er enkelt:

– Ein må ville det. Alle må ville det.

Han utdjupar:

– Entreprenøren må ville det. Arkitekten må ville det. Prosjektleiaren må ville det. Vi må rett ut frå hoppkanten og ikkje nøle på noko tidspunkt. I tillegg er medverknad frå dei som skal bruke og drifte bygget essensielt, slår han fast. 

Logo til FNs berekraftsmål 9

FNs berekraftsmål 9.4

Innan 2030 oppgradere infrastruktur og omstille næringslivet til å bli meir berekraftig, med meir effektiv bruk av ressursar og meir utstrekt bruk av reine og miljøvenlege teknologiformer og industriprosessar, der alle land gjer ein innsats etter eiga evne og eigen kapasitet.

Referansebygg

Då Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2019 tid sende ut anbodsdokumenta for pris- og designkonkurransen for bygget, vekta dei klima og miljø uvanleg høgt. Kravet Oppfyllelse av ønsker til energieffektivitet og miljøvennlige materialer skulle vektast 30 prosent i forslaget til løysing. Dette er første gong det blir konkurrert med miljø som kriterium i ein tilbodskonkurranse i Vestland, inkludert begge dei to tidlegare fylka.

– Vi set alltid strengare krav og skal alltid bygge betre. Den sterke vektinga av klima og miljø fungerte her. Då kan vi setje minst like strenge krav i neste konkurranse, og slik bevegar vi oss framover mot nullutsleppsmålet, seier Sundell.

Nesten alt avfall er sortert

Strenge miljøkrav handlar om meir enn materialval og å bygge mest mogleg i tre. Ein byggeprosess genererer store mengder avfall.  

Avfall frå tilkøyrde byggevarer ligg på eit minimum for bygget på Kaupanger, i og med at massivtre, ytterveggar og tak er prefabrikerte. 98,99 prosent av alt avfallet i byggeprosessen er sortert. Kravet var minst 85 prosent. Då blir det strengare krav i neste anbod.

– Vi kjem til å stille krav om sorteringsgrad på minst 90 prosent i framtidige prosjekt, slår Sundell fast.

Det er heller ikkje kjøpt inn eit einaste nytt møbel til det nye bygget. Noko er plassbygd, men det aller meste er kjøpt brukt.

foto av plassbygd disk i tre på vitensenteret/Sogndal vgs på Kaupanger
PLASSBYGD: Vestland fylkeskommune har møblert heile bygget, også dei delane som blir leigde ut til vitensenteret ViteMeir. Møblane er anten kjøpte brukte eller plassbygde – i tre, som denne disken som er laga av det lokale snekkarverkstaden Timbla. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Oppvarming og ventilasjon

Det er også tenkt nytt når det gjeld oppvarming og ventilasjon. Ventilasjonsanlegget har ikkje tilluftskanalar i vanleg forstand i rom som er under tre meter høge. Der bles det heller luft inn i himlingen og ned gjennom takplater. Då får vi ifølgje prosjektleiaren god fordeling av luft og null prosent trekk.

– I tillegg slepp vi ein del luftutstyr, og det blir mindre materiale og færre dupedittar. Himlingen må vi uansett ha. Det gjev også betre akustikk, som igjen krev færre akustiske plater og dermed mindre materiale også der, seier han.

Bygget skal varmast opp med lågtempererte varmepumper. Dei gjev lågare temperaturløft og krev såleis mindre energi. Eit anna klimapoeng er at varmepumpene har propan som arbeidsmedium. Det blir sett på som naturleg og klimanøytralt og har GWP-verdi (Global Warming Potential) på 3–5. GWP-verdi for eit vanleg arbeidsmedium – til dømes flourkarbon – er 600–2000. GWP er mål på effekten frå ulike drivhusgassar når det gjeld global oppvarming.

460 kvadratmeter solceller

På taket av den kombinerte garasjen og vaskehallen på Kaupanger ligg det 460 kvadratmeter med solceller. Dei kjem til å produsere om lag 55 000 kWh i året, noko som tilsvarer 24,5 prosent av den berekna totale energibruken i bygget.

– Eg ventar meg at det blir noko meir. Erfaringa tilseier at det stort sett vert høgare produksjon enn venta på Vestlandet, seier Sundell.

Han fortel vidare at solcelleanlegget gjennom året kjem til å produsere omtrent like mykje straum som trengst for å drive varmepumpene i bygget.

foto av solcelleanlegget på Sogndal vgs, avd. Kaupanger
FORSYNER VARMEPUMPENE: Solcelleanlegget er estimert til å produsere om lag 55 000 kWh i året, men prosjektleiar Tage Rickard Sundell trur det blir meir, basert på tidlegare erfaring på Vestlandet. Anlegget skal forsyne varmepumpene i bygget med straum. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Ingen asfalt rundt bygget

Uteområdet rundt eit bygg der elevane skal lære seg å handtere og manøvrere både vogntog og bussar er sentralt. Og tradisjonelt ville ein gjerne venta å sjå mykje asfalt her. Men ikkje på Kaupanger. Heile plassen rundt bygget er asfaltfri, og alle parkeringsplassar har drenerande belegningsstein.

– Vi har lagt eit såkalla permeabelt dekke med titandioxidbelegg rundt og i tilknyting til bygget. Titandioxiden et Nox-utslepp frå bensin- og dieselbilar. I tillegg er dekket meir køyresterkt enn asfalt. Det krev mindre vedlikehald, og det drenerer vatn rett ned i grunnen og slepper det ikkje inni det kommunale nettet. Dekket er meir køyresterkt enn asfalt og får ikkje groper, fortel Sundell.

Titandioxid et Nox

  • Ein bil produserer ein kg Nox per år.
  • Det trengst 50 kvadrat titandioxiddekke for å redusere ein kg Nox.
  • På Kaupanger er det ca. 6000 kvadrat titandioxiddekke. Det kan såleis kompensere for Nox-utsleppet frå 120 bilar over 15 år, som er berekna levetid for dekket.
foto av belegningsstein utanfor vitensenteret/Sogndal vgs på Kaupanger
DRENERANDE BELEGNINGSSTEIN. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune
oversiktsbilde som syner nybygget til Sogndal vgs på Kaupanger
SKULE OG VITENSENTER: Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Lading for elbil og -sykkel

Og når vi først er på utsida av bygget, kva med lading for elbilar, som utgjer ein stadig større del av bilparken i både Vestland og landet elles? Ti prosent av parkeringsplassane skal ha ladepunkt for elbil. Og sykkel? 20 prosent av sykkelplassane kjem også til å ha ladepunkt.

Han har fått testa ut mykje i bygget på Kaupanger, prosjektleiaren og fagansvarleg for energi og klima, som kan nyttast i alle nye bygg i Vestland fylkeskommune.

– Det var mykje vi har sett at andre har fått til, som vi ville teste om fungerte for oss. No stakar vi ut kursen vidare mot nye og meir klimavenlege bygg i Vestland. Kvart bygg skal bli litt betre enn det førre. Slik nærmar vi oss målet om nullutslepp. Og igjen, det handlar om vilje i alle ledd, slår han fast.

Mykje gjenbruk på Førde vgs.

foto som syner byggeplassen til nye Førde vgs.

Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

  • Det største klimatiltaket ved nye Førde vgs. er gjenbruk av bygningsmasse. Heile skulen blir på ca. 26 400 kvadratmeter. Av det er ca. 6000 kvadrat gjenbruk. Det gjer at CO2-avtrykket blir vesentleg mindre enn om vi skulle bygd alt nytt.
  • Nybygget på om lag 20 4000 kvadrat blir bygt i 90 prosent trekonstruksjon.
  • På gjenbruksfronten er også eit 380 kvadratmeter stort lagerbygg i betong, som har vore nytta til drift på Øyrane, flytta til skulen si avdeling på Mo. Der vil det gå inn og «avlaste» romprogrammet for nytt verkstadbygg, som skal gjennomførast komande år.
  • I byggeprosjektet er også ny tannklinikk, som blir til ved totalombygging av eit eksisterande bygg på 840 kvadrat.
  • Alle bygg blir bygd med passivhusstandard, som gjer at det har vesentleg lågare energibehov enn «vanlege» bygg.
  • Det skal byggjast eit solcelleanlegg på 1505 kvadratmeter, som produserer 300 kW momentant.
  • Oppvarming og kjøling i bygget skal gjerast med fjordvatn. Kjøling frå fjorden i staden for nedkjøling med elektriske kjølemaskiner gir vesentleg mindre straumforbruk.
  • Skulen skal stå ferdig til skulestart i 2023 og samlar Hafstad vgs. og Mo og Øyrane vgs.