Søk drosjeløyve
Eit drosjeløyve gir deg rett til å drive drosjetransport mot vederlag (betaling), og er ei godkjenning frå styresmaktene om at du oppfyller krava til å drive drosjetransport.
Drosjeløyve gjeld for motorvogn registrert for inntil 9 personar. Krav om drosjeløyve gjeld også dei som tilbyr drosjetenester via digitale plattformer.
Du kan søke om så mange drosjeløyve du vil. Kvart løyve kostar 3700 kroner. Du må ha eit drosjeløyve per drosjebil.
Det er fire vilkår for å kunne få drosjeløyve:
1. Du må drive fast og varig verksemd i Noreg
Det betyr at du må ha registrert eit føretak i Einingsregisteret og fått tildelt eit føretaksnummer/organisasjonsnummer før du fyller ut søknaden.
2. Du må ha god vandel
Du må ha ein politiattest både for føretaket ditt og for innehavar/dagleg leiar. Dersom føretaket har ein transportleiar, er det transportleiar som treng politiattest. Du må ha politiattestane klare før du fyller ut søknaden, og dei kan ikkje vere eldre enn tre månader.
Har du enkeltpersonføretak (ENK) skal du ikkje sende inn politiattest for føretaket.
Dersom du er dømt for noko eller har fått førelegg, må du også ha kopi av dommen/førelegget før du fyller ut søknaden. Kontakt den aktuelle domstolen/det aktuelle politidistriktet for å få kopi av dom/førelegg.
Søk om politiattest for føretaket
Søk om politiattest for innehavar/dagleg leiar eller transportleiar
3. Du må ha tilfredsstillande økonomisk evne
Når du søkjer drosjeløyve må vi ha attest for skatt og meirverdiavgift («skatteattest») og stadfesting frå Konkursregisteret for føretaket ditt. Desse attestane hentast automatisk viss du gjer oss samtykke til det i søknaden. Viss du ikkje gir samtykke, mottek ikkje vi din søknad.
Dersom føretaket er et selskap eller annen juridisk person, som er oppretta for mindre enn tre månader sidan, må vi og ha skatteattest og stadfesting frå Konkursregisteret for dagleg leiar.
Du må stille garanti for drosjeløyve. Kr. 58 000 for fyrste løyve og kr. 29 000 for dei resterande. Garanti må sendast direkte frå garantist til fylkeskommunen før vi kan handsame din søknad om drosjeløyve. Garanti sendast til post@vlfk.no
4. Bestått løyveeksamen for drosje
Den som søkjer om drosjeløyve må ha bestått løyveeksamen for drosje hos Statens vegvesen.
Du treng ikkje ta eksamen hos Statens vegvesen viss du:
- hadde drosjeløyve før 1. november 2020
- oppfyllar fagkompetansekrava for gods- eller turvognløyve
- har fått godkjenning frå Statens vegvesen på vitnemålet eller kompetansebevis utferda av offentleg myndigheit i anna EØS-stat eller Sveits som bevis på tilsvarande kompetanse
Når du har bestått løyveeksamen hos Statens vegvesen, får vi eksamensresultatet automatisk inn i vårt løyveregister. Du treng difor ikkje sende inn dine eksamensresultat sammen med søknaden.
Kva skjer etter at du har søkt?
Når du har sendt inn søknad om drosjeløyve, vil vi gå gjennom søknaden og sjå om du oppfyller vilkåra for å få drosjeløyve. Er vilkåra oppfylt, vil du få tilsendt faktura og eit vedtak så fort søknaden er handsama. Vedtak og faktura blir sendt til ditt føretak i Altinn. Løyvedokument blir ikkje sendt før faktura er registrert som betalt i fylkeskommunen sitt økonomisystem.
Krav til løyvehavar
Innsending av eigenerklæring
Før du starter med drift på drosjebilen, skal du sende inn ein eigenerklæring. Eigenerklæringa inneheld brev frå Justervesenet som stadfester at taksameter er montert, og kopi av vognkortet som visar at drosjebilen er registert som drosje hos Statens vegvesen.
Det er løyvehavars ansvar og halde seg oppdatert på lover og forskrifter som er naudsynt for å drive ein lovleg verksemd.
Plikt til sentraltilknytning
Drosjeløyvehavar har ein plikt til å skaffe seg ein avtale med ein drosjesentral med godkjend sentralløyve. Du må vere tilknytt ein sentral innan 2 månader etter du fekk vedtak om drosjeløyve. Viss du ikkje er tilknytt ein drosjesentral innan 2 månader, vil du kunne få varsel om tilbakekall av ditt løyve.
Det er drosjesentralen som skal melde inn til fylkeskommunen kven som er tilknytta sentralen. Frå 1. januar 2026 kan du ikkje vere knytt til meir enn éin sentral. Hugs å sende opphøyr av avtale til sentral viss du høyrar til fleire sentralar.
Oversikt over godkjente drosjesentralar
Godkjend taksameter og loggføring
Alle drosjer må ha godkjend taksameter. Forskrift om krav til taksametre finn du her. Det er Justervesenet som er kontrollmyndigheit for taksametre.
Det er også krav om loggføring av den geografiske posisjonen til drosjen, som markerer start- og sluttpunkt for kvar tur. Opplysningane skal lagrast i 60 dagar. Dette kravet gjeld også for dei som har fått fritak for taksameter.
Registrere bil som drosje
Drosjebilen må vere registrert i motorvognregisteret som drosje hos Statens vegvesen. Drosjer skal til EU-kontroll (periodisk køyretøykontroll) kvart år.
Merking av drosjen
- Drosjen skal vere merka på sidedørane med fylkesbokstav og løyvenummer. Merkinga skal vere minst 10 cm høg og ha ein farge som står i kontrast til fargen på bilen.
- Drosjen skal ha synleg løyvenummer og køyresetel frå passasjerplass inne i bilen.
- Drosjen skal ha taklykt, godkjent av Statens vegvesen. Taklykta skal vere merka med «TAXI» i tillegg til fylkesbokstav og løyvenummer.
Meld frå om endringar i føretaket
- Løyvehavar må melde frå til fylkeskommunen viss føretaket endrar namn.
- Viss føretaket endrar foretaksnummer, til dømes fordi ein byttar organisasjonsform, må ein søkje fylkeskommunen om nye løyver. Ein kan ikkje overføre løyver frå eit føretak til eit anna.
- Meld frå om endring av dagleg leiar eller transportleiar snarast og seinast innan 28 dagar. Ny dagleg leiar eller transportleiar må ha god vandel, og må sende inn politiattest som ikkje er eldre enn tre månader til fylkeskommunen. Bruk eDialog, slik at du kan sende dokumenter som er unnateke offentlegheit på ein sikker og effektiv måte.
Oppseiing og tilbakekall av løyve
Oppseiing må framleis sendast til fylkeskommunen
Dei som vil seie opp drosjeløyve sitt må gje beskjed til fylkeskommunen og levere tilbake det originale løyvedokumentet. Det er ikkje lenger naudsynt å melde frå til fylkeskommunen tre månader i forvegen, men det kan vere at avtalar mellom løyvehavaren og sentralen stiller slike krav.
Fylkeskommunen kan kalle tilbake løyvet
Fylkeskommunen kan kalle tilbake drosjeløyvet når løyvehavar ikkje fyller krav og vilkår til å ha løyve, eller ikkje rettar seg etter forskrifter og vilkår for å drive løyve. Viktig at løyvehavar sjekker den digitale postkassa til føretaket, då fylkeskommunen berre sendar digitale brev.
Ved dødsfall eller konkurs kan drosjeløyvet bli kalla tilbake utan varsel. Viss dei attlevande vil fortsetje verksemda, kan drosjeløyvet bli kalla tilbake etter seks månader.
Kven kan køyre drosjen?
Sjåføren i bilen må ha kjøresetel i tillegg til førarkort. Køyresetelen er gyldig i heile landet. Kontakt politiet for meir informasjon om køyresetel
Dei som vil ha køyresetel må ha bestått drosjesjåføreksamen hos Statens vegvesen, eller ha yrkessjåførkompetanse (YSK) for persontransport. Dei må og ha hatt førarkort utan avbrot i minst to år. Kontakt Statens vegvesen for meir informasjon om drosjesjåføreksamen
Kor kan drosjen køyre?
I utgangspunktet kan drosjane køyre kor dei vil i heile Noreg. Men det er nokre unntak, som einerett og miljøkrav. Det er løyvehavaren sitt ansvar å finne ut kvar det er einerett og kva miljøkrav som gjeld i dei ulike kommunane. Informasjon finn du på nettsida til den aktuelle fylkeskommunen.
Fylkeskommunen kan innføre einerett
Fylkeskommunen kan gi einerett i visse kommunar eller område. Einerett fungerer som dei gamle løyvedistrikta og beskyttar dei som har einerett mot konkurranse.
Fylkeskommunen kan gjere einerett gjeldande for drosjetenester i enkeltturmarknaden og kontraktmarknaden, som til dømes skuleskyss eller pasienttransport.
Drosjeløyvehavarar som ikkje har einerett, kan ikkje utføre drosjetransport innanfor område der fylkeskommunen har tildelt einerett. Ein drosjeløyvehavar som ikkje har einerett, kan likevel transportere passasjerar inn i einerettsområdet. Han kan og transportere passasjerar frå eit einerettsområde til ein stad utanfor einerettsområdet dersom transporten er bestilt på førehand.
Fylkeskommunen bestemmer kva områder som skal vere einerettsområder i forskrift. Einerettane lysast ut på anbod. Kor det er innført einerettar og kven som har einerettane i Vestland fylke blir annonsert på våre nettsidar om einerett.
Fylkeskommunen har innført miljøkrav
Frå 1. april 2024 blei det innført miljøkrav for drosjar i tidlegare Hordaland fylke. Frå 1. april 2026 gjeld dei same krava for resten av kommunane i Vestland fylke.
Dette betyr at alle drosjar i desse områda må bruke nullutsleppskøyretøy. Nokre drosjar har fått unntak frå kravet.
Dersom ein drosjeeigar ikkje oppfyller krava, kan løyvet bli trekt tilbake.
Maksimalprisforskrift for drosjer
Konkurransetilsynet handhevar forskrift om takstutrekning og maksimalprisar, også kalt maksimalprisforskrifta. Forskrifta er gitt med heimel i pristiltakslova.
Overgangsordning for løyve med stor bil er gått ut
Drosjeløyve tilknytt bil med 10–17 sitjeplassar (inkludert fører) og løyver for transport for funksjonshemma tilknytt bil med 10–17 sitjeplassar (inkludert førar) var gyldig til 1. november 2025.
Etter denne dato må dei som har løyver for transport for funksjonshemma søkje om drosjeløyve.
Dei som har drosjeløyve må endre til bil med inntil 9 sete eller søkje om fellesskapsløyve for turvogn for å fortsetja verksemda med stor bil (10-17 sete). Dersom du bytar til mindre bil, må du sende inn eigenerklæring slik at du får behalde drosjeløyve ditt. Har du eit løyvedokument som har påført vilkår om 10-17 sete, kan du få ny utskrift av dokumentet. Ta kontakt med oss på tlf. 51 20 71 25 og lag en avtale om byte av dokument.
Statens vegvesen er løyvestyresmakt for turvognløyve.