Søk fritak frå taksameter og merking

Det er mogeleg å søke om fritak frå taksameter, merking og taklampe. Føretak som kan søkje er dei som driv i det tidlegare «selskapsvognsegmentet», altså dei som til dømes driv køyring i samband med statsbesøk, bryllup m.v.

Søknaden skal på ein grundig og utfyllande måte skildre

  • føretaket og transportoppdraga
  • kundegruppa (legg ved kopi av inngåtte kontraktar)
  • kva ulempe det fører med seg med taksameter, merking og taklampe
  • korleis transporten organiserast
  • om køyretøy og kva løyve det søkast om dispensasjon for, samt lengda på ønska dispensasjon (som hovudregel maks 3 år)
  • kopi av vognkort for køyretøy det søkjast dispensasjon for
  • om føretaket har offentlege transportkontraktar
  • det geografiske området transporten vert utført

Eventuelle fritak

Samferdselsdepartementet har på førespurnad frå fylkeskommunane uttalt at det ikkje skal innvilgast fritak frå krava dersom føretaket tilbyr tenester nær opp til drosjemarknaden.

Vidare skal fylkeskommunane legge vekt på at dispensasjon ikkje skal bidra til konkurranse på ulike vilkår for aktørar som driv i den ordinær drosjemarknaden.

Eit eventuelt fritak vil berre gjelde i den fylkeskommunen som har behandla søknaden. Ved køyring over fylkesgrensa, må du søke fritak i dei aktuelle fylka du skal utføre transport i.

Alle søknadar vert vurdert individuelt.

Krav til merking, taksameter og tilleggsutstyr er heimla i yrkestransportforskrifta
§ 48.

Her kan du lese om krava til deg som driv drosjenæring.