Godkjent vassforvaltningsplan

Vassforvaltningsplanen for Vestland vassregion 2022-2027 er godkjent. Planen er oppdatert i samsvar med godkjenningsdokumentet frå Klima- og miljødepartementet 31.10.22.

Klima- og miljødepartementet godkjente vassforvaltningsplanen for Vestland 31.10.22 i samråd med aktuelle departement.

Planen er oppdatert med vedtak i fylkestinga og godkjenning frå Klima- og miljødepartementet (KLD):

Vann-nett er oppdatert med endringar gjort av KLD.

Fylkestinga med areal i Vestland vassregion vedtok eit tilhøyrande tiltaksprogram og handlingsprogram desember 2021-mars 2022:

Tilskot til generell vassforvaltning - merk ny frist 15. november 2023

Heilskapleg vern og berekraftig bruk

Planen bygger på vassdirektivet til EU som vert gjennomført i heile Europa. I tråd med vassforskrifta set dei regionale vassforvaltningsplanane miljømål for alt vatn, både elvar, innsjøar, kystvann og grunnvatn. Miljømåla skal sikre eit heilskapleg vern og berekraftig bruk av vatnet og er skildra som miljøtilstanden som skal verte nådd i planperioden 2022–2027.

Planane viser korleis miljøtilstanden er i dag, og kva for tiltak som er nødvendige for å førebygge, forbetre eller rette opp att tilstanden der det er nødvendig.

Gjeld kommunar, fylkeskommunar og staten

Vassforvaltningsplanen set miljømål for vassførekomstane, tiltaksprogrammet skisserer tiltak for å nå miljømåla, og handlingsprogrammet koordinerer prosessen med å nå miljømåla.

Kommunar, fylkeskommunar og statlege etatar er gjennom planen plikta til å legge miljømåla til grunn for deira planlegging og verksemd.

Vi har laga fleire dokument som syner hovudutfordringar for vassregionen og dei ulike vassområda. 

Forslag til plandokument har vore jobba fram i samarbeid med kommunar, fylkeskommunar og statlege etatar.

Planen låg ute på høyring og offentleg ettersyn i tre månadar med høyringsfrist 30. juni 2021. Vi gjennomførte sju høyringsmøte i høyringsperioden.

Oppdaterte plandokument etter høyring vart godkjent av Vestland vassregionutval 07.10.21.

Du kan lese meir om høyringa og høyringsmøta på denne sida.