Høyring: Regional vassforvaltningsplan 2022 - 2027 for Vestland vassregion

Regional vassforvaltningsplan for Vestland vassregion med tilhøyrande tiltaksprogram og handlingsprogram er no ute til høyring og offentleg ettersyn. Høyringsfristen er 30. juni 2021.

Gjeldande regionale vassforvaltningsplanar for Hordaland og Sogn og Fjordane (2016-2021) vert no oppdatert for planperioden 2022-2027 til ein plan for Vestland vassregion. 

Planen bygger på vassdirektivet til EU som vert gjennomført i heile Europa. I tråd med vassforskrifta set dei regionale vassforvaltningsplanane miljømål for alt vatn, både elvar, innsjøar, kystvann og grunnvatn. Miljømåla skal sikre eit heilskapleg vern og berekraftig bruk av vatnet og er skildra som miljøtilstanden som skal verte nådd i planperioden 2022-2027. Planane viser korleis miljøtilstanden er i dag og kva for tiltak som er nødvendig for å førebygge, forbetre eller rette opp att tilstanden der det er nødvendig.

Forslag til plandokument har vore jobba fram i samarbeid med kommunar, fylkeskommunar og statlege etatar. Plandokumenta  vart godkjent av Vestland vassregionutval i møte 12.02.2021. Vestland fylkesutval vedtok å leggje planen ut på høyring og offentleg ettersyn 26.3.21 med høyringsfrist 30. juni 2021.

Høyringsdokumenta

Kommunar, offentlege styresmakter, organisasjonar og alle andre som har interesse for vassforvaltning er invitert til å bidra med innspel, slik at vi kan få ein enno betre plan for korleis vi skal nå eit godt vassmiljø til glede og nytte for heile samfunnet.

Det er tre dokument som er på høyring:

  1. Regional plan for vassforvaltning for Vestland vassregion 2022-2027 - Høyringsutgåve.pdf (vassforvaltningsplanen)
  2. Tiltaksprogram for Vestland vassregion 2022-2027 - Høyringutgåve.pdf
  3. Handlingsprogram for Vestland vassregion 2022-2027 - Høyringsutgåve.pdf

Vassforvaltningsplanen set miljømål for vassførekomstane, tiltaksprogrammet skisserer tiltak for å nå miljømåla, og handlingsprogrammet koordinerer prosessen med å nå miljømåla. Kommunar, fylkeskommunar og statlege etatar er gjennom planen plikta til å legge miljømåla til grunn for deira planlegging og verksemd. Planen skal etter vedtak i fylkesting sendast over til Klima- og miljødepartementet for godkjenning.

Høyringsmøte

Vassregionstyresmakta inviterer til fleire høyringsmøte (webinar) i høyringsperioden for den regionale vassforvaltningsplanen. Dei vert gjennomført på Teams. Under er det gitt ein oversikt over høyringsmøte i Vestland med lenke til program og påmelding.

Temamøte om

Tittel

Tidspunkt

Introduksjon

Korleis står det til med vassdraga og sjøen?

6. mai kl.12.00 - 14.00 - Påmelding

Fisk

Fisk i ferskvatn og «ein glad laks»

6. mai  kl.19.00 – 21.00 - Påmelding

Avløp

Avløp i kommunal sektor – «skit la gå?»

11. mai kl. 9.00 - 11.30 - Påmelding

Landbruk

Bonden og vassdraget

11. mai kl. 12.15 - 14.45 - Påmelding

Vasskraft

Regulerte vassdrag og andre vassdragsinngrep – ambisjonar og realitetar

12. mai kl. 9.00 - 11.30 - Påmelding

Miljøgifter

Har vi utfordringar med miljøgifter i vatn?

18. mai kl. 9.00 - 11.00 - Påmelding

Akvakultur

Påverknad og tiltak frå akvakulturnæringa på liv i vatn

18. mai kl. 12.00 - 14.30 - Påmelding

 

Høyringsinnspel

Sjå høyringsrettleiar for tips om kva for tema vi særleg ønskjer innspel på. Du finn her informasjon om kor du kan finne dei ulike temaa i dokumenta.

Frist for å sende inn høyringsinnspel er 30. juni 2021.

Send høyringsinnspela til Vestland fylkeskommune, e-post: post@vlfk.no.